Mountain Songs med Vidar Austvik og Njål Vindenes

Stord, konsertsalen i musikk og formingsbygget, FOR-121
Time icon
Når:25. april   12:45
Varer til: 14:00

Fløytisten Vidar Austvik og gitaristen Njål Vindenes presenterar Mountain Songs av Robert Beaser.

Først vil musikarane halda ein konsert på ca. 45 minutt og etter ein kort pause vil dei snakka om korleis dei arbeider med dette materialet.

Mountain Songs av Robert Beaser er ei samling amerikanske folkesongar omkomponert til ein suite for fløyte og gitar. Arbeidet kan minna om Grieg og Tveitt sine omarbeidingar av norske folketonar.

Vidar Austvik har vore solofløytist i Stavanger Symfoniorkester i meir enn tretti år, og er førsteamanuensis på Universitetet i Stavanger. Njål Vindenes er professor på Høgskulen på Vestlandet.
Dei har spelt saman i 45 år på festivalar og festspel, og spelt inn mange verk for NRK.