Open dag i Sogndal

Sogndal, Fossbygget
Time icon
Når:05. mars   11:30
Varer til: 15:00
Legg til i min kalender

Kom på besøk til oss for å sjå og føle på korleis det er å vere student i Sogndal. Du får høyre om utdanningane våre, sjå deg rundt på campus, ete lunsj saman med studentane og møte dei ulike studentorganisasjonane som har stand i løpet av dagen.

  • Kl. 11.30-12.00: Kort presentasjon om utdanningane våre (F-300, Fossbygget)
  • Kl. 12.00-12.30: Presentasjon av studentorganisasjonane og linjeforeiningane (F-300)
  • Kl. 12.30-13.00: Lunsj i kantina i Høgskulebygget
  • Kl. 13.00-13.40: Elevane får informasjon om det første fagområdet dei har vald
  • Kl. 13.45-14.25: Elevane får informasjon om det andre fagområdet dei har vald
  • Kl. 14.30-15.00: Omvising på campus for dei som ønskjer det