Oppfriskingskurs i matematikk for nye ingeniørstudentar

Campus Bergen
Time icon
Når:06. august   09:00
Varer til: 07. august 14:15
Legg til i min kalender

Mange studentar følar dei treng ei oppfrisking av matematikkunnskapane før dei startar på det første matematikkurset på ingeniørutdanninga. Det kan vere fleire år sidan dei tok eksamen, eller det kan vere delar av pensum i R1/R2 (2MX/3MX) dei er usikre på.

Fakultet for ingeniør- og naturvitskap og NITO Studentene HVL Bergen har derfor gått saman for å tilby eit repetisjonskurs i veka før semesterstart for alle nye ingeniørstudentar. Kurset er gratis og ope for alle nye ingeniørstudentar ved Høgskulen på Vestlandet, studiestad Bergen.

Kurset er eit to-dagars kurs, torsdag 6. og fredag 7. august 2020 09:00 – 14:15. Det vil vere lunsjpause begge dagane 11:30. Kurset vil bli haldt på Høgskulen på Vestlandet, Campus Bergen (Inndalsveien 28, 5063 Bergen).

Meir informasjon om kurset og smitteforebyggjande tiltak rundt kurset vil bli sendt ut når påmeldingsfristen er passert.

Kurset vil blant anna ta for seg følgjande emne:
- Grunnleggande algebra
- Funksjonar og grafar
- Trigonometri
- Eksponentrekning
- Løysing av likningar
I tillegg til det reint reiknetekniske vil vi også prøve å bygge forståing for konsepta.

Lenka til påmeldingsskjemaet finn du ved opptaksbrevet frå HVL. Frist for påmelding er måndag 3. august 2020 kl.16:00.

Har du spørsmål? Ta kontakt med Rosmari Valdersnes på rosmarivaldersnes@gmail.com

NITO Studentene er ein studentorganisasjon for deg som studerer ingeniør- og naturvitskap. Dei har eit eige lokallag på Høgskulen på Vestlandet i Bergen som i løpet av skuleåret arrangerer mange faglege og sosiale arrangement for alle sine medlemmar.