Rettleiingskonferansen 2019

Førde, Svanehaugvengen 1
Time icon
Når:19. september   09:30
Varer til: 15:15
Legg til i min kalender

Konferansen rettar seg mot deg som er interessert i rettleiing, rådgjeving, mentoring, coaching eller konsultasjon. Konferansen er ein møtestad for alle med interesse for rettleiing på tvers av faglege tradisjonar.

Konferanseavgift kr 1000. Du betalar ved påmelding. Du kan betale med Mastercard, Visa eller Vipps. 

Bindande påmelding innan 01.09.2019. 

Trykk her for meir informasjon om forelesarar og program. 

Rettleiarnettverket i Sogn og Fjordane skipar til rettleiingskonferansen
for 18. gong. Nettverket var eit av dei første av sitt slag i landet.
Gjennom konferansane formidlar nettverket teori og praksis om
rettleiing frå ulike fag og yrkestradisjonar.