Undervegs 2019

Campus Stord
Time icon
Når:25. april   08:30
Varer til: 15:45

Konferansen Undervegs er rotfesta i dei ulike lærarstudentane sine utdanningar
ved HVL, campus Stord. Han er den første i sitt slag i Noreg, og skal vere ein lærings- og formidlingsarena for forsking og utvikling (FoU) i utdanningane og praksisfeltet.

Undervegs er obligatorisk for grunnskulelærarutdanningane i dei tre første studieåra og faglærarutdaninga, men programmet er også ope for lærarar og andre som har interesse for forsking i feltet. Årets konferanse er den 9. i rekka. Tittelen på programmet er «Forsking og utforsking». 

Påmelding til Undervegs finn du i Canvas. Velg emnet og registrer kva verkstad du ønsker å delta på. NB: denne delen av programmet er for studentar!

Program

Vi har invitert inn mange dyktige føredragshaldarar til å dele sin kompetanse innan fagfeltet undervising i grunnskulen. Les meir om føredraga og verkstadane her i programmet. Frå programmet kan vi trekke fram:

  • "Når terrorbekjempelse skal på timeplanen. Skolen og samfunnet i spenningsfeltet mellom sikkerhet og trygghet" ved stipendiat Martin M. Sjøen.
  • «WOW! Har eg laga da? Med ein partnar! Om å forska på eiga undervisning i GLU" ved høgskulelektor Charlotte Tvedte.
  • «Lesson Study – ein metode der lærarar tek ansvar for å vidareutvikle eigen praksis. Ein smakebit på forskingsarbeid i grunnskulen." ved Tone O. Baugstø og Geir Holme ved Rubbestadneset skule.

Studentane vil gjennom dagen presentere mange spennande oppgåver og posters. I tillegg vil du bli kjend med doktorgradsstudentar og deira forsking, og sentrale samarbeidspartnarar i praksisfeltet.

Meir informasjon om programmet kjem seinare.

Vel møtt til ein inspirerande dag!