Skriverettleiar ved biblioteket

Skrivesenteret HVL treng 6 nye skriverettleiarar for tilbodet Skrivehalvtimen frå hausten 2021, då vi utvidar tilbodet til å gjelde alle campus.

Skrivehalvtimen er eit individuelt tilbod om skriverettleiing for alle studentar ved HVL som ønsker tilbakemelding på skriveprosess og eigen tekst. Tilbodet erstattar ikkje fagleg rettleiing.

Søkjar må vere student ved HVL og ha fullført 3. år i utdanninga si, eller ha påbegynt master. Skriverettleiarar må gjennomgå «Kurs for skriverettleiarar» som blir arrangert av Skrivesenteret HVL i august 2021, eller inneha tilsvarande kompetanse om rettleiing og skriverettleiing. Kurset tar for seg kva som kjenneteiknar ein god skriveprosess, korleis komme i gang med oppgåveskriving, struktur i tekst, gode informasjonssøk, korleis rettleie studentar i skriveprosessar og ulike studentar sine behov for rettleiing, mellom anna studentar med norsk som andrespråk.

Arbeidsoppgåver:

  • Rettleiing i akademisk skriving og skriveprosess
  • Administrere og avtale rettleiingstimar
  • Delta i møter med Skrivesenteret
  • Marknadsføring av Skrivesenteret på sosiale medium
  • Delta på Skrivekveld på campus
  • Arrangere skriveaktivitetar på campus

Arbeidsstad er campus, men studentar kan velje å bestille digital rettleiing.

Skriverettleiarar kan rekne med å jobbe rundt 5 timar i veka frå september 2021 til midten av desember. Søkjarar som også kan jobbe våren 2022 vil bli prioritert.

Løn i ltr 35, ca 185 kroner i timen. Opplæringa er lønna.

Søknad med CV og motivasjonsbrev for stillinga kan sendast solveig.kavli@hvl.no
innan 15. juni 2021. Ta gjerne kontakt om du vil vite meir om stillinga.