Deltidsjobb som studentassistent ved Læringslab, Bergen

Vi er på jakt etter deg som er 2.- og 3.-års student på bachelornivå eller er masterstudent frå hausten 2021, og som interesserer deg for teknologi i læring og undervisning og for medieproduksjon.

Som studentassistent er du vertskap ved Læringslab i K2 på ettermiddagstid i haustsemesteret, og er med på å sikre eit utvida tilbod til tilsette og studentar. Dette inneber mellom anna å vere vertskap i lokalet og å drive utlån av ulike formar for teknologi og medieproduksjonsutstyr. Du vil få opplæring i dei ulike teknologiane og medieproduksjonsutstyret som finst i laben og du vil ha ein fagleg kontaktperson som følgjer deg opp undervegs.

Arbeidsoppgåver:

  • Brukarstøtte og rådgjeving i Læringslab
  • Booking av rom og utstyr til utlån
  • Vere vertskap ved arrangement og eventer

Arbeidstid, løn og attest

Jobben er løna (inkludert opplæring) med kr 185 per time. Du arbeider 4-6 timer per veke, og får 10 timar til opplæring. Utbetaling vert gjort ved at du skriv timelister. Det kan bli aktuelt å forlenge engasjementet. Du får attest frå HVL etter fullført jobb.

Forventningar til deg:

  • Du har lyst til og er motivert til å arbeide med teknologi og formidling
  • Du evner å lære deg ny teknologi
  • Du kan arbeide sjølvstendig og liker å samarbeide med andre
  • Du er strukturert, og er god til å planleggje, men samtidig fleksibel og kan improvisere
  • Konkrete arbeidsoppgåver vert avtala med personalet i Læringslab og nærmaste leiar

Søknadsfristen er 11. juni.

Du søker ved å sende ein kort søknad til medielab@hvl.no

Spørsmål om stillingane kan rettast til Sigrid Jordal Havre, som vil handsame søknadene i samråd med leiar av Avdeling for utvikling av læring og undervisning.

Sjå også nettsidene til Læringslab.