Studentassistent ved Språkverkstad på biblioteket i Sogndal
Hausten 2021 startar biblioteket opp Språkverkstad som eit nytt tenestetilbod. Språkverkstaden er open ein ettermiddag i veka og vil vera ein uformell arena der studentar kan få hjelp frå medstudentar med å meistre norsk språk i studiekvardagen. Me ønskjer å tilsette to studentassistentar som vertskap til språkverkstaden.
Arbeidsoppgåver:
- Hjelpe medstudentar med praktiske språkutfordringar. Dette kan gjelde t.d. å forstå oppgåvetekstar og tilbakemeldingar frå lærar, eller hjelp med utfordringar knytt til språk og tekst i kvardagen.
- Sørge for eit triveleg miljø der det er låg terskel for å stille spørsmål.
- Ha ansvar for lokale og utstyr, også ordne med enkel servering og rydde opp i etterkant.
- Arbeide aktivt for å synleggjere tilbodet til medstudentar gjennom t.d. sosiale medier, eige nettverk eller klasse.
Kvalifikasjonar:
Me søker erfarne studentar på bachelor- eller masternivå som trivst studentrolla og gjerne hjelper andre å oppleve meistring i studiesituasjonen.
Du er interessert i språk, både norsk og andre språk, er sosial og glad i gode samtalar. Du likar læring i uformelle samanhengar og er organisert og ansvarsfull.
Arbeidstid og lønn:
Du arbeider ca. 5 timar i veka frå oktober til midt i desember. Arbeidstida kan tilpassast din eigen situasjon, men du må rekne med å arbeide noko på ettermiddags- eller kveldstid.
Opplæring er lønna og vil skje etter tilsetting.
Tilbodet om språkverkstad vil vonaleg bli vidareført våren 2022.
Studentassistent er lønna i ltr. 35, ca 185 kroner i timen.
Søknadsfrist 15. oktober. I søknaden må du skrive om motivasjonen din for å søke stillinga og legge ved oppdatert cv.
Søknadane vil bli vurdert av einingsleiar for studiestøtte ved biblioteket, Gunhild Austrheim, e-post gau@hvl.no og tlf 55 58 56 69. Spørsmål om stillingane kan rettast til ho. I intervjua vil også lokal kontaktperson frå biblioteket i Sogndal delta.
Sjå også utlysing av stilling som skriverettleiar. Dersom det er aktuelt vil me vurdere å tilsette same person i begge stillingane