Deltidsstilling som studentassistent (stillingsomfang: 8-10 prosent)

Vi er på jakt etter deg som er 2. og 3. årsstudent på bachelor eller masterstudent ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett, frå hausten 2021. Erfaringa du har gjort deg som student ser vi på som veldig verdifull, og vi håpar du har lyst til å bli med på laget!

Om jobben 

For å styrke arbeidet med kvalitet i utdanninga og sikre godt læringsutbyte, læringsmiljø og studieprogresjon ynskjer høgskulen at alle studentar skal få tilbod om delta i ei studentgruppa leia av ein studentassistent.

Som studentassistent får du ansvar for ei eller fleire studentgrupper som du møter jamleg gjennom haustsemesteret. Målet er å bidra til at studentane lykkast i utdanninga si, både fagleg og sosialt. Tema for møta kan vere fagleg, studiemeistring, motivasjon og rett og slett det å bli kjende med kvarandre og faget ein studerer. Du vil få opplæring og du vil ha ein fagleg kontaktperson som følgjer opp undervegs. Vi legg til rette for at du kan ha fleire deltidsstillingar som studentassistent samtidig.

Arbeidsoppgåver: 

  • Planlegge og gjennomføre møte med studentgruppa
  • Støtte studentane i fagleg arbeid
  • Det kan vere aktuelt med oppgåver knytt til undervisning
  • Delta i kontaktmøte med fagmiljø/institutt/fakultet og erfaringsutveksling med andre studentassistentar
  • Bidra til at studentane blir betre kjend med kvarandre, og bygge eit godt fagleg og sosialt læringsmiljø i studentgruppa
  • Ytterlegare arbeidsoppgåver kan avtalast i samråd med det einskilde studieprogram/institutt

Arbeidstid, løn og attest 

Jobben er løna (inkludert kurs, førebuing og evaluering) med 186,70 kroner per time. Du møter studentgruppa du har ansvaret for to til fire timar per veke. Du får 10 timar til opplæring. Totalt max 50 arbeidstimar per studentgruppe, og det kan vere aktuelt å leie to grupper om du ynskjer det.

Stillinga utgjer eit omfang tilsvarande ca. 8-10 prosent heile haustsemesteret per studentgruppe, og utbetaling vert gjort ved at du skriv timelister. Det kan bli aktuelt å forlenge engasjementet. Du får attest frå HVL etter fullført jobb. 

Forventningar til deg: 

  • Du har lyst og er motivert til å arbeide med studentar og å bidra til å etablere godt læringsmiljø
  • Du evner å sjå og lytte til dine medstudentar
  • Du kan arbeide sjølvstendig og liker å samarbeide med andre studentar 
  • Du er strukturert, og er god til å planleggje, men samtidig fleksibel og kan improvisere 
  • Du har god innsikt i eige studieprogramog emne som inngår

Søknadsfristen er 8. juni.
Campus: Sogndal, Bergen eller Stord

Du søker ved å fylle ut dette søknadsskjemaet. Søknaden vert handsama av administrasjonen ved FLKI. Spørsmål om stillinga rettast til seniorkonsulent Andrea Sundbø, andrea.sundbo@hvl.no. 

Velkommen som søkjar!