Studentmentor på ergoterapi i Bergen

Vi søker etter deg som er 1. eller 2. års student no i studieåret 2020/2021 på bachelorstudiet i ergoterapi.

For å sikre best mogeleg læringsmiljø, innfører HVL mentorordning ved fleire studieprogram. Som studentmentor skal du saman med ein annan student leie nye studentar gjennom ulike aktivitetar nokre timar cirka annankvar veke i førstesemesteret. Målet er å bidra til at dei nye studentane kjem godt i gang med utdanninga si, både fagleg og sosialt. Tema som studiemeistring, motivasjon og gode rutinar vert sentrale.

Arbeidsoppgåver:

  • Planleggje og gjennomføre møte med studentgruppa di, både med fagleg innhald og læringsmiljøinnhald
  • Delta i kontaktmøte med fakultetet
  • Delta i erfaringsutvekslingsmøte med andre studentmentorar
  • Delta i evalueringsmøte og skrive korte referat/rapportar frå møta med studentgruppa

Du får opplæring og kurs

Som studentmentor vert du kursa i gruppe- og prosessleiing, og får opplæring i den praktiske gjennomføringa av aktivitetane. Du arbeider i team med ein annan studentmentor, og det er lagt opp til erfaringsutveksling med heile studentmentorgruppa undervegs. Du vert også følgt opp av programkoordinator ved instituttet og prosjektgruppa på HVL.

Arbeidstid, løn og attest

Jobben er løna (inkludert kurs, førebuing og evaluering) med kr 185 (lønstrinn 35) per time. Arbeidstid kan variere, men er normalt 2 timar per veke gjennom haustsemesteret, med moglegheit for forlenging i vårsemesteret. Totalt er arbeidstilhøvet da på cirka 60 timar. Du får attest frå HVL etter at jobben er fullført.

Forventningar til deg:

  • Du evner å sjå førsteårsstudentane og kan improvisere
  • Du kan arbeide sjølvstendig, strukturert og er god til å planleggje
  • Du har lyst og er motivert til å arbeide med nye studentar og å bidra til å etablere godt læringsmiljø
  • Du har innsikt i eige studieprogram, særleg første studieår, og kjenner struktur og innhald
  • Det er ein fordel, men ikkje eit krav, om du er engasjert i studentrelaterte aktivitetar, f.eks. medlem av faglege, sosiale eller studentpolitiske organisasjonar og utval.

Søknadsfristen er 7. juni 2021.

Trykk på linken og fyll ut søknadsskjemaet.

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til informasjons- og gruppesamtale på Zoom i midten av juni.

Har du spørsmål?

Ta kontakt med Øystein Backelin (rådgjevar Avdeling for utdanningskvalitet) eller med Pål Ellingsen (assisterande instituttleiar, Institutt for datateknologi, elektroteknologi og realfag).