Ønskjer du deltidsjobb som studentmentor?

Vi søker etter deg som er 1. eller 2. årsstudent no i studieåret 2019/2020 på bachelorstudiet i radiografi.

Om jobben

For å sikre best mogeleg læringsmiljø, innfører HVL mentorordning ved fleire studieprogram. Som studentmentor skal du og ein medstudent ha ansvar for ulike aktivitetar og leie nye studentar gjennom deira fyrste studieår. Målet er å bidra til at dei nye studentane kjem godt i gang med utdanninga si, både fagleg og sosialt.

Arbeidsoppgåver:

  • Planleggje og gjennomføre møter med studentgruppa di, både med fagleg innhald og læringsmiljøinnhald
  • Delta i kontaktmøte med instituttet
  • Delta i erfaringsutvekslingsmøte med andre studentmentorar
  • Delta i evalueringsmøte og skrive korte referat/rapportar frå møta med studentgruppa

Opplæring og kurs

Som studentmentor får du opplæring og vert kursa i gruppe- og prosessleiing, samt opplæring i den praktiske gjennomføringa av aktivitetane. Du arbeider i team med ein annan mentor, og det er lagt opp til erfaringsutveksling med andre mentorar. Du vert også følgt opp av ein arbeidsleiar og av instituttet.

Arbeidstid, løn og attest

Jobben er løna (inkludert kurs, førebuing og evaluering) med ca. kr 185 per time. Arbeidstid kan variere, men er normalt 3 timar per veke gjennom haust- og vårsemesteret. Totalt er arbeidstilhøvet ca. 70 timar per semester. Du får attest frå HVL etter at jobben er fullført.

Forventningar til deg:

  • Du evner å sjå førstårsstudentane og kan improvisere
  • Du kan arbeide sjølvstendig, strukturert og er god til å planleggje
  • Du har lyst og er motivert til å arbeide med nye studentar og å bidra til å etablere eit læringsmiljø
  • Du har innsikt i eige studieprogram, særleg første studieår, og kjenner struktur og innhald
  • Det er ein fordel, men ikkje eit krav, om du er engasjert i studentrelaterte aktivitetar

Søknadsfrist 15. juni.

Klikk på lenka og fyll ut søknadsskjema

Har du spørsmål kan du ta kontakt med Øystein Backelin på oyba@hvl.no eller på telefonnummer 57676214, eller med Beate Eltarvåg Gjesdal på beate.eltarvag.gjesdal@hvl.no eller 55585692.

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til informasjons- og gruppesamtale på Zoom 17., 18. eller 19. juni 2020.