Ønskjer du deltidsjobb som studentmentor?

Vi er på jakt etter deg som er 1. eller 2. årsstudent no i studieåret 2019/2020 på Økonomi og administrasjon eller Eigedomsmekling i Sogndal, eller 2. årsstudent på Økonomi og juss.

Om jobben

For å sikre best mogeleg læringsmiljø, innfører HVL mentorordning ved fleire studieprogram. Som studentmentor skal du saman med ein annan student leie nye studentar gjennom ulike aktivitetar nokre timar cirka annankvar veke første studieår. Målet er å bidra til at dei nye studentane kjem godt i gang med utdanninga si, både fagleg og sosialt. Tema som studiemeistring, motivasjon og gode rutinar vert sentrale.

Arbeidsoppgåver:

  • Planleggje og gjennomføre møte med studentgruppa di, både med fagleg innhald og læringsmiljøinnhald
  • Delta i kontaktmøte med fakultetet
  • Delta i erfaringsutvekslingsmøte med andre studentmentorar
  • Delta i evalueringsmøte og skrive korte referat/rapportar frå møta med studentgruppa

Opplæring og kurs

Som studentmentor deltek du i kurs og får opplæring i gruppe- og prosessleiing, studieteknikk og den praktiske gjennomføringa av aktivitetane. Du vert også følgt opp av ein arbeidsleiar og av eining for læringsmiljø og læringsstøtte ved HVL. I tillegg er det lagt opp til erfaringsutveksling med andre mentorar. Du arbeider i team med ein anna mentor.

Arbeidstid, løn og attest

Jobben er løna (inkludert kurs, førebuing og evaluering) med ca. kr 185 per time. Arbeidstid er normalt 2 timar per veke gjennom haust- og vårsemesteret. Totalt er arbeidstilhøvet ca. 100 timar gjennom haust- og vårsemesteret fram mot påska 2021. Du får attest frå HVL etter fullført jobb.

Forventningar til deg:

  • Du evner å sjå førsteårsstudentane og kan improvisere
  • Du kan arbeide sjølvstendig, strukturert og er god til å planleggje
  • Du har lyst og er motivert til å arbeide med nye studentar og å bidra til å etablere godt læringsmiljø
  • Du har innsikt i eige studieprogram, særleg første studieår, og kjenner struktur og innhald
  • Det er ein fordel, men ikkje eit krav, om du er engasjert i studentrelaterte aktivitetar, f.eks. medlem av faglege, sosiale eller studentpolitiske organisasjonar og utval.

Søknadsfristen er 17. juni.

Trykk på linken og fyll ut søknadsskjema her

Spørsmål kan rettas til:

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til informasjons- og gruppesamtale på Zoom 15., 16. eller 17. juni 2020.