To studentar på ingeniørlab.

Ingeniør y-vegen, campus Førde

Bachelor

Har du lyst til å bli ingeniør, men manglar generell studiekompetanse og fordjuping i matematikk og fysikk? Dersom du har relevant fagbrev kan du ta ingeniørutdanning gjennom y-vegen.

Hopp til

    Ved campus Førde kan du ta desse ingeniørutdanningane gjennom y-vegen:

    Merk at du søker lokalt opptak til y-vegen, gjennom vår Søknadsweb. 

    Organisering av studiet

    • Du startar med eit 6 vekers sommarkurs i matematikk. 
    • 1. studieår: Du følgjer dei ordinære emna i ingeniørutdanninga, i tillegg til fysikk og norsk.
    • 2. og 3. studieår: Du følgjer dei ordinære emna på ingeniørutdanninga.

    Sommarkurs i matematikk

    Undervisninga skjer gjennom 6 veker på sommaren (måndag-fredag) før du byrjar på første året av bachelorutdanninga. Oppstart er i slutten av juni (oppstartsdato blir lagt ut på denne sida i løpet av januar). Pensum omfattar det vesentlege av R1 og R2.

    Fysikk

    Fysikken blir undervist parallelt med ingeniøremna i haustsemesteret første studieår, totalt 90 timar. Pensum omfattar det vesentlege av Fysikk 1. Dersom du har har R1, R2 eller Fysikk 1 kan du få fritak for delar av kurset.