Undersøking for MRSA

Her finn du ein oversikt over kvar du kan ta kontakt om du skal teste deg for MRSA (gule stafylokokkar).

Helsefagstudentar med krav om medisinsk testing skal ikkje betale for undersøking for MRSA.

Prøven blir tatt frå nase og hals, og det tar vanlegvis to til fire dagar å få svar på prøva. Svar må vere klart før du kan begynne i praksis.

Bergen

Studentar som skal ha klinisk undervisning eller praksis på Haukeland univeristetssjukehus, må ringe og avtale prøvetaking på førehand hos sjukehuset. Telefonnummeret er 918 16 675. 

Det er Seksjon for pasientsikkerhet ved Haukeland universitetssjukehus som gjer den medisinske testinga av studentar som skal ha klinisk undervisning eller praksis på sjukehuset. Testing blir utført i 1. etasje på Hudbygget tirsdag og torsdag kl. 08.30. 

Skal du ha praksis på andre stadar enn Haukeland universitetssjukehus, må du kontakte fastlegen din for å teste deg for MRSA.

Stord/Haugesund

Studentar i Haugesund kontakter eigen fastlege eller Bleikmyr legesenter på telefon 52 74 42 20 for timebestilling for å få testa for MRSA.

Studenter på Stord kontaktar eigen fastlege eller helsestasjonen på Leirvik på telefon 53 49 69 85/66 84.

Førde/Sogndal

Studentar i Førde kontaktar Førde Legesenter Langebruvegen 28 på telefon 57 72 21 50 for å bestille time for test av MRSA.