Studentar utanfor Høgskulebygget i Sogndal.

Velkommen som ny student ved HVL i Sogndal

Her finn du oppstartsinformasjon og program for studiestartveka. Studiestart studieåret 2024–2025 vil vere frå og med måndag 12. august 2024, men akkurat kva for dag du skal møte opp kan variere.

Oppstartsarrangementet 12. august er primært for nye studentar på bachelorprogramma og den femårige lærarutdanninga. Nye studentar på masterprogram, deltidsutdanning, vidareutdanning, års- og halvtårsstudium kan ha oppstart andre dagar. 

Fadderaktivitetar 

Under studiestart er det også mange fadderaktivitetar. Programmet for fadderveka vil bli lagt ut her.

Er du student på forkurs, PPU, master, deltids- eller vidareutdanning?

Desse utdanningane har eigne program, og kan ha oppstart ein annan dag enn 12. august.

Er du ikkje ny student?

Er du allereie student hos oss? Då finn du tidspunkt for oppstart i timeplanen din. NB! Det kan bli endringar, så sjekk igjen veka før studiestart. 

Studentar på båltur i skogen med fjorden og Sogndal i bakgrunnen.

På campus Sogndal blir du del av eit aktivt og inkluderande studentmiljø. Du er tett på det meste, inkludert spektakulær natur. Les meir her.


Har du spørsmål? 

Eller chat med boten Mime! Chatten finn du nedst i hjørnet.

Mellom kl. 08.00–15.00 er du også alltid velkommen til å ringe Servicetorget55 58 58 00.

Servicetorget i Sogndal

E-post: servicetorget@hvl.no

Telefon: 55 58 58 00