Hender som held raudt tøyhjarte.

Rusproblematikk og rusarbeid

Etter- og vidareutdanning

Vil du vidareutvikle eigen profesjonalitet i arbeid med menneske med rusvanskar, eller er du leiar for slike tenester? Eller er du politikar eller sakshandsamar og ønskjer auka kunnskap om fagområdet? Då er dette ei aktuell vidareutdanning for deg.

Sogndal, Førde

Hopp til

    Det siste kullet på denne vidareutdanninga blei tatt opp i 2023. Frå 2024 tilbyr vi ei ny vidareutdanning. Klikk for å lese om det nye studieprogrammet «Psykisk helse- og rusarbeid | tverrfaglig videreutdanning».

    Kvifor studere rusproblematikk og rusarbeid?

    Denne vidareutdanninga skal stimulere til fagleg utvikling, og den auka kompetansen du får skal kunne nyttast i samhandling med brukarar, pårørande og samarbeidspartnarar.

    Kva lærer du? 

    • Om ulike problemstillingar og perspektiv på rusrelaterte vanskar
    • Om samansette utfordringar for brukar og hjelpeapparat
    • Teoriar og metodar som er sentrale i arbeid med rusrelaterte utfordringar
    • Å analysere hjelpebehov i eit heilskapsperspektiv
    • Om samhandling på tvers av faggrupper og tenestenivå
    • Å kunne reflektere kritisk over utforminga av hjelpetilbod

    Praktisk informasjon

    Oppbygging av studiet

    Samlingar

    Det er 3–4 samlingar i kvart semester.

    Plan for hausten 2023

    • Veke 35 tysdag (start kl 11:30) til fredag (ferdig kl 11:30)
    • Veke 39 tysdag (start kl 11:30) til fredag (ferdig kl 11:30)
    • Veke 44 tysdag (start kl 11:30) til fredag (ferdig kl 11:30)

    Plan for våren 2024

    • Veke 4 tysdag (start kl 11:15) til fredag (ferdig kl 11:30)
    • Veke 10 tysdag (start kl 11:15) til fredag (ferdig kl 11:30)
    • Veke 16 tysdag (start kl 11:15) til fredag (ferdig kl 11:30)

     

    Pensum

    Du vil få informasjon om pensum når utdanninga startar. 

    Vil du studere meir?

    Du kan bygge på vidareutdanninga med master i psykisk helse- og rusarbeid. Du kan søke om å få godskrive første del (60 studiepoeng) av masterstudiet.

    Nokre av emna i vidareutdanninga i rusproblematikk kan inngå som valemne i master i samhandling og folkehelse, master i sosialvitenskap og master i familieterapi og relasjonelt arbeid. Les om korleis du kan søke om innpass.

     

    Kvifor ta meir utdanning?

    Eit arbeidsliv i rask endring er ein viktig årsak til at mange skaffar seg meir fagleg tyngde. Her deler vi fleire fordelar som etter- og vidareutdanning kan gi:

    • Ny oppdatert fagleg kunnskap
    • Praktiske ferdigheiter innafor ditt fagområde eller et heilt nytt fagfelt
    • Personleg utvikling
    • Moglegheit for å byggje nettverk
    • Eit forhandlingskort i framtidas lønsforhandlingar
    • Moglegheit for opprykk i stillingskategori
    • Moglegheit for meir ansvar eller nye oppgåver på jobb

    Andre interessante studietilbod