Interaksjon mellom barn og voksen

Vurdering av barnets beste

Etter- og vidareutdanning

Jobbar du i barnevernstenesta og ønskjer å ta vidareutdanning? Vår samlingsbaserte utdanning Vurdering av barnets beste gir deg spesialisert innsikt i barnevernsfaglege vurderingar og avgjerder.

Bergen

Hopp til

    Søk studieplass

    Opptakskrav og søknad

    Opptakskrav

    • Bachelorgrad eller tilsvarande.
    • Du må være tilsett i barnevern i heile studieperioden.

    Søknadskode

    2853

    Korleis søke

      • Logg inn i SøknadsWeb
      • Vel opptak "Vidareutdanning og halvtårsstudium"
      • Så vel du "Master/Vidareutdanning helse- og sosialfag"
      • Vel studiet du vil søke på frå lista (sjå søknadskode over) 
      • Trykk på "Legg til" og "Send inn søknad"
      • Last opp dokumentasjon på at du dekker opptakskrava.
      • Trykk "Neste" for å gjere ferdig søknaden.

    Viktig informasjon om søknad, frister og dokumentasjon

     

    Rangering og poeng

    Rangering blir gjort på grunnlag av karakterar.
    Det blir ikkje gitt tilleggspoeng for høgare utdanning eller praksis.

    Informasjon om utrekning av poeng

    Kvote

    Opptak til studiet skjer på grunnlag av rangering innanfor følgjande fastsette kvotar, jf. §6-1 (3), med følgjande prioritering:

    1. Tilsette med hovudstilling i kommunalt barnevern og bekreftelse fra arbeidsgiver om at de skal prioriteres.
    2. Tilsette med hovudstilling i kommunalt barnevern.
    3. Tilsette med hovudstilling i statlig eller privat barnevern

    Med hovudstilling menes stillingsstørrelse på 50 % eller meir.

    Poenggrense forrige opptak

    Alle kvalifiserte fikk plass.

     

    Om å søke opptak til HVL

    Bli med på digitalt informasjonsmøte om Vurdering av barnets beste, 10. april kl. 11:00. 

    Kvifor studere Vurdering av barnets beste? 

    Denne utdanninga har som mål å styrke dei tilsette i barnevernstenesta sin kompetanse til å gjere faglege vurderingar av barnets beste i alle fasar og delar av ei barnevernssak, samt styrke vurderings- og avgjerdskompetansen i det barnevernsfaglege arbeidet.

    Arbeidsgjevar kan søke om tilskot for tilsette som ønsker å ta vidareutdanning. 

    Kva lærer du?

    Etter å ha gjennomført videreutdanninga vil du ha konkret kunnskap om

    • barnevernets heterogene kunnskapsgrunnlag og tverrfaglege perspektiv
    • barnevernsfaglege vurderingar og avgjerder
    • det juridiske og tverrfaglege kunnskapsgrunnlaget som inngår i skjønnsutøvinga ved vurdering av barnets beste
    • ulike barnesyn og forhold som fremjar barns medverknad og medbestemming
    • sentral forsking om omsorgsvurderingar og tydinga av ei heilskapleg forståing av barn og foreldre
    • barnevernets maktposisjon og strukturar som kan bidra til avmakt

    Studiet legg vekt på varierte undervisningsformar, der målet er at studentane skal øve opp sine praktiske ferdigheiter, haldningar og kunnskapar. Undervisninga vil opne for refleksjon over eigen praksis og utvikle denne i møte med teoretisk kunnskap. 

    Målgruppe

    Tilsette med hovudstilling i kommunalt, statleg og privat barnevern.
     

    Praktisk informasjon

    Undervisingsform - fleksibel organisering

    Studiet er samlingsbasert. Det er lagt opp til seks samlingar, à tre dagar frå onsdag til fredag, fordelt på to semester. Tre samlingar haust og tre samlingar vår.

    Hovudtema for samlingane:

    Samling 1: Profesjonell kompetanse og vurdering av barns beste med fokus på kritisk refleksjon
    Samling 2: Barnesyn og barns medverknad
    Samling 3: Omsorgsvurdering og barns utvikling. Barn og familiar i kontekst
    Samling 4: Kunnskapsgrunnlag og avgjerdsprosessar i barnevernstenesta
    Samling 5: Styrking av fagleg skjøn i ulike fasar av ei barnevernssak
    Samling 6: Oppfølging av barn plassert utanfor heimen, ettervern og avslutning av barnevernssaker.

    Samlingar

    Samlingar onsdag til fredag.

    Hausten 2024: veke 37, 44, 48
    Våren 2025: veke 3, 10, 17

    Pensum

    Du vil motta meir informasjon om pensum når utdanninga startar. 

    Denne videreutdanninga er eit samarbeid med Høgskulen i Volda og inngår i Bufdir si kompetansesatsing innan kommunalt barnevern. 

    Vil du studere meir?

    Du kan søke om innpass for 30 studiepoeng i master i sosialvitskap, studieretning barnevernsarbeid. Du får også godkjent heile vidareutdanninga (30 studiepoeng) i master i sosialvitskap, fleksibel.

    Kvifor ta meir utdanning?

    Eit arbeidsliv i rask endring er ein viktig årsak til at mange skaffar seg meir fagleg tyngde. Her deler vi fleire fordelar som etter- og vidareutdanning kan gi:

    • Ny oppdatert fagleg kunnskap
    • Praktiske ferdigheiter innafor ditt fagområde eller et heilt nytt fagfelt
    • Personleg utvikling
    • Moglegheit for å byggje nettverk
    • Eit forhandlingskort i framtidas lønsforhandlingar
    • Moglegheit for opprykk i stillingskategori
    • Moglegheit for meir ansvar eller nye oppgåver på jobb

    Andre interessante studietilbod

    Sjå oversikt over alle våre vidareutdanningar og kurs