Slik skriv du ein god cv

Cv’en din skal gi arbeidsgivar eit godt bilde av kven du er og kva du har gjort. Ein cv skal kunne stå på eigne bein utan ein søknad som følgje, og skal ikkje ha rom for tolking.

Ein god cv skal vere

  • oversiktleg og lettlest
  • maks to sider lang
  • stikkordbasert
  • omvendt kronologisk, det vil seie at det du har gjort sist, skal stå øvst
  • skreddarsydd til kvar jobb du søker

Innhald i cv'en

  • Personalia: namn, adresse, tlf, e-post, fødselsdato
  • Bilde er valfritt
  • Utdanning: Når-kva-kor
  • Arbeidserfaring: Når-kva-kor
  • Anna erfaring: Relevante kurs, verv, organisasjonserfaring
  • Språkkunnskapar
  • Datakunnskapar
  • Referansar (2-3 stk)

Du kan i tillegg velje å ha med:

  • Interesser: Korte stikkord om kva du likar å gjere på fritida, men ikkje skriv for mykje. 
  • Nøkkelkvalifikasjonar: Nokon vel å framheve essensen av erfaringane sine i eit punkt dei kallar nøkkelkvalifikasjonar.

På Universitetet i Oslo sine sider finn du fleire eksempel på utforming av cv.