HVL får senter for barnehagerelevant forsking

HVL har fått tildelt rundt 25 millionar kroner til eit nytt senter for barnehagerelevant forsking.

Elin Eriksen Ødegaard er professor ved Institutt for pedagogikk, samfunnsfag og religion og skal leie det nye senteret for barnehagerelatert forsking som skal ha base ved HVL.

- Eg er svært glad og audmjuk over å ha fått i oppgåve å skulle leie dette nye senteret. Konkurrentane våre var svært sterke og verdige, seier Ødegaard.

Ambisiøst prosjekt

Senteret som har namnet Kindergarten Knowledge (Kindknow) - Centre for Systemic Research on Diversity and Sustainable Futures, eller Barnkunne – Senter for barnehagekunnskap på norsk, skal forske på mangfald og utdanning for ei berekraftig framtid i barnehagen, både nasjonalt og internasjonalt.

- Sektoren vår treng ny kunnskap om sosiale utfordringar og berekraftig praksis i barnehagen. Dette er svært aktuelt internasjonalt, og ein viktig del av den nye rammeplanen for barnehagane, seier Ødegaard.

Berekraftige barnehagar

Forskningsrådets utdanningsprogram, FINNUT, fekk inn seks søknader frå ulike utdanningsinstitusjonar i landet, men berre to nådde heilt til topps; HVL og Universitetet i Stavanger. Til saman får dei to sentra 50 millionar kroner, og ifølge Kunnskapsdepartementet har det aldri før blitt gitt så mykje pengar til barnehageforsking.

- Prosjektet vårt er stort og ambisiøst, og det vil krevje mykje arbeid, men eg skal gjere mitt beste for at det blir vellukka, og at det blir kjekt å delta, seier Ødegaard.