Slik jobbar vi med berekraft

På denne sida kan du lese HVL sin klimarekneskap og lære meir om korleis vi jobbar med berekraft.

Klimarekneskap for Høgskulen på Vestlandet

  • Gjennom Parisavtalen 2015 er HVL, som alle andre, forplikta til å redusera klimagassutsleppa våre.
  • Kunnskapsdepartementet har òg i tildelingsbrevet til HVL kravd at vi jobbar systematisk med å få ned utsleppa.
  • HVL har hatt klimarekneskap sidan 2019.
  • Reknskapen syner at vi har størst utslepp innan kategoriane innkjøp, transport og reiser, og drift og vedlikehald av høgskulebygga våre, som vi leiger frå Statsbygg. Det vil seie at det er innan desse kategoriane vi må setje inn tiltak for å få redusert utsleppa mest mogleg.
  • I Handlingsplan for berekraftig utvikling 2023-2026 har HVL-styret vedteke at vi skal redusera utsleppa med 40 prosent frå 2019-nivå. Det betyr at vi skal redusera utsleppa til 9900 tonn co2e innan 2026 er omme.
  • Klimarekneskapen til HVL er utarbeid av Asplan Viak.

Her kan du høyre HVL sin podkast 17-målspodden der Knut Vindenes og Siri Smith inviterer studentar, ansatte og gjestar til ein prat om korleis dei jobbar med klima og berekraft.

Sirkulærdagane rettar fokus mot ein meir klimasmart og miljøvennleg kvardag. Målet med dagane er å gjere studentar og tilsette meir bevisste, og å peike på løysingar.

Norsk klimastiftelse

HVL er medlem av og sit i rådet hos Norsk klimastiftelse, som kallar seg Noregs grøne tankesmie og er ein ikkje-kommersiell stiftelse. Dei formidlar kunnskap om forsking og fakta relatert til klima og miljø. Stiftelsen har som mål å bidra til tiltak som både kan minimere skadeverknader av klimaendringar og som fører til rask reduksjon og stans av menneskeskapte klimagassutslipp.

På klimastiftelsen sine nettsider kan du finne både nettavisen Energi og klima som du kan abonnere på, forskningsformidlingsprosjektet <2°C og andre aktuelle rapportar og notat. Det er også mogleg å følgje med på Noregs klimagassutslipp på klimaportalen tilnull.no. Stiftelsen har også ulike arrangement du kan delta på.

Miljøfyrtårn.png  Alle fem campusar ved HVL er Miljøfyrtårn-sertifiserte.

bilde av Siri Smith

Siri Smith

Berekraftkoordinator ved HVL