Campusutvikling for campus Stord

Campusverkstad våren 2020

Ved campus Stord er det prosjekt for campusutvikling våren 2020. Saka er forankra i strategisk leiing som er eigargruppe for prosjektet.

Denne sida er under utvikling.

Oppdraget til campusverkstaden:

  • Vi ønsker å utvikle ein levande campus med ein tydeleg profil. Ein campus som er attraktiv for studentar og tilsette, og som arbeids- og samfunnsliv har eigarskap til. Ein berekraftig campus som veks ut av HVL som heilskap og som samtidig har sterke lokale røter.
  • Vi ber i Campusverkstaden om hjelp til å komma med forslag om spennande, modige og truverdige idear som kan gi ny giv for campus.  

Digital workshop

HVL inviterer breitt til campusverkstaden; både studentar, leiarar, tilsette og tillitsvalde i HVL, tilsette som har arbeidsplass til dagleg på campus Stord og ved andre campusar.  

I tillegg inviterer vi tilsette ved andre utdanningsinstitusjonar, samarbeidspartnarar og aktørar frå regionalt arbeids- og samfunnsliv, og nokre utanlandske vener.  

Dei som er invitert har ulike kunnskapar og erfaringar som vi meiner vil vera verdifullt for campusverkstaden som vil vera i form av ein digital workshop 19., 22. og 23. Juni.

Dag 1 vil i hovudsak ha fokus på idémyldring, medan dag 2vil handla om å utvikla ideane til meir konkrete konsept. Det kan vera forslag til profilering, til nye studietilbod, til nye måtar å organisera utdanningar på med meir. Dag 3 blir ideane presentert for strategisk leiing ved HVL , som vil vere jury som kårar det beste konseptet.

HVL samarbeider med erfarne folk frå AFF om planlegging og gjennomføring av campusverkstaden.   

Koronasituasjonen har gjort våren 2020 ekstra krevjande for oss alle. Ved å delta på campusverkstaden trur vi at deltakarane kan bidra til ny giv til korleis campus Stord vil utvikle seg framover. I gjengjeld får deltakarane delta i prosessar som kan inspirere til omstillingsarbeid i eigen kvardag, enten som student, medarbeidar, leiar eller politikar. 

Campusutvikling 2019

Våren 2019 bad campusråd Stord ei arbeidsgruppe utarbeida forslag til handlingsplan med tiltak på kort sikt og på lang sikt som

  • kan styrkja rekruttering til campus Stord
  • kan gi studentane god start på utdanninga
  • kan styrkja studentane sin trivselen på campus
  • aukar attraktiviteten ved Stord som studieby

Tiltaka som knyter seg til utdanningane blir følgt opp av fakulteta og tiltaka som knyter seg direkte til bygg og infrastruktur blir følgt opp av avdeling for drift og utvikling. Dei tiltaka som handlar meir om trivsel på campus og i studiebyen blir følgt opp i campusrådet.

Lenke til rapport.


Seniorrådgivar
Avdeling for organisasjonsutvikling og digitalisering
Seniorrådgivar
Avdeling for kommunikasjon og samfunnskontakt