K2 på campus Bergen

Vi jobbar for å skape ein best mogleg campus for tilsette, studentar og gjestar. K2 er Vestlandets mest moderne undervisningsbygg.

I 2014 overtok Høgskulen i Bergen eit bygg med mykje historie i veggane, og i 2020 fekk Høgskulen på Vestlandet endå eit praktbygg på campusen. Etter fem års planlegging og to års bygging, flytta HVL inn i bygget hausten 2020. 

Nybygget, som har fått namnet K2, er Vestlandets mest moderne undervisningsbygg. Bygget legg til rette for ein digital studie- og arbeidskvardag. Det splitter nye læringslaboratoriet gir store moglegheiter når det gjeld å utvikle ny undervisning eller nye, digitale arbeidsmåtar. Dette kjem til nytte for morgondagens lærarar, vernepleiarar eller barnehagelærarar.

Bygget har eit kursareal for etter- og vidareutdanningsverksemda ved HVL. Du finn også eit språklaboratorium for døvetolkutdanninga og eit areal for Bergen Uavhengige Sosialrådgivning. 

Kvar etasje har eit minikjøkken for studentane. 

Studentrådgivinga

Studentrådgivinga har seks rettleiingsrom, eit stillerom og ein uformell møteplass.

Simulatorrom

Simulator- og observasjonsromma i K2 har einvegsglas i mellom seg. Dei er derfor aktuelle for rettleiing, ferdigheitstrening, refleksjon, simulering og forsking. Romma har avansert opptaksutstyr som gjer at dei kan nyttast til spel, dilemmatrening, kriseleiing eller som virtuelt handlingsrom.

Læringslaboratorium

Læringslaboratoriet er vårt innovative læringsmiljø i K2, og kan nyttast på tvers av fagmiljø til prosjekt, innovasjon og eksperiment. Rommet er designa for variert undervisning og forsking. Studentar kan nytte laboratoriet til å teste pedagogiske program og læremiddel på barn, elevar, pasientar og studentar.

Språklaboratorium

Språklaboratoriet er utvikla spesielt for undervisning og trening i tolkemetodikk, språk, omsetjing og kommunikasjon. Dette er eit stort undervisningsrom for ca. 30 personar.

BUS

BUS har eigen inngangsdør og venterom i K2. Arealet har to samtalerom, eit stort arbeidsbord for 5-6 personar, og landskap med tre kontorarbeidsplassar. Lokalet har også ein atskilt del for telefonsamtalar, i tillegg til minikjøkken med oppvaskmaskin.

Miljøbygg

K2 er eit nullutsleppsbygg, noko som set høge krav til bygningsmessige og tekniske løysingar. Kombinasjonen av lågt varmetap, tilsvarande krav til passivhus, solcellepanel på taket og energieffektive tekniske anlegg bidrar til dette.

Totalt har bygget 30 prosent redusert klimagassutslepp samanlikna med tilsvarande bygg.

Bli med inn!

Bli med på virtuell vandring i studentarealet i K2:

Tilknytta nyheitssaker:


Fakta om K2:

  • Miljøbygg med solcellepanel på taket. Bygget slipper ut 40 prosent mindre CO2 enn tilsvarende bygg
  • Bygget huser 300 ansatte og 3000 studenter
  • Bygget er på 14 300 kvm
  • Moderne, fleksible undervisningsrom, og fleksible arbeidsplasser
  • Simuleringsrom for ferdighetstrening og forskning
  • Språklaboratorium for tegnspråktolker
  • Læringslaboratorium for testing av pedagogiske læremiddel på barn, elever og studenter
  • Kaffebaren Sidesporet, som snart også blir bakeri
  • 4 fleksible auditorium
  • 13 seminarrom
  • 52 grupperom
  • 7 lesesaler
  • Hvilerom og 1 rom for tro og tanke