Detaljert fakturainformasjon til leverandørar

Vår elektroniske fakturaadresse er den same som organisasjonsnummeret vårt og ein landkode: 0192:917641404. Adressa støttar standarden PEPPOL BIS Billing 3.0.

Dersom leverandør ikkje har moglegheit til å sende faktura elektronisk, kan faktura sendast gjennom vår fakturaportal.

For at fakturaer og eventuelle purringar skal bli behandla utan feil og forseinkingar, må dei tilfredstille krava i punkta under. Vi ber leverandørane ta omsyn til dette.

  • Fakturaer for bestillingar gjort gjennom elektronisk bestillingssystem skal innehalde eit ordrenummer, til dømes: 300100729. Ordrenummeret skal stå i feltet "Ordrenummer" (XML-tag: Invoice/OrderReference/ID).

  • Fakturaer for bestillingar gjort utanom elektronisk bestillingssystem skal inneholde:
    • bestillar-kode, 6 siffer til dømes: 304150. Bestillarkoden skal leggast i feltet "Kjøpers referanse/Deres referanse" (XML-tag: Invoice/BuyerReference)
      Bestillar ved Høgskulen opplyser om bestillarkoden når han/ho bestiller vara/tenesta hos dykk. Viss bestillar ikkje gjer det, ver vennleg og spør etter den.
    • namn på bestillar som skal stå i feltet "Kjøpers kontaktperson" (XML-tag: Invoice/ AccountingCustomerParty/Party/Contact/Name).

Faktura skal rettast til Høgskulen på Vestlandet. Dette betyr at faktura ikkje skal rettast til tilsette eller sendast til tilsette si e-postadresse.

Om ikkje anna er avtalt, ber vi om 30 dagars betalingsvilkår.