Pris for utdanningskvalitet

HVL deler årleg ut pris for utdanningskvalitet. Prisen anerkjenner fagmiljø eller enkeltpersonar som har gjort ein markert innsats i arbeidet for å utvikle kvaliteten på utdanningane ved HVL.

Statuttar for tildeling av prisen:

1. HVL sin pris for utdanningskvalitet er ein årleg pris som er oppretta for å gi anerkjenning til fagmiljø eller enkeltpersonar som har gjort ein markert innsats i arbeidet for å utvikle den samla utdanningskvaliteten innan eit fagområde eller eit studium ved Høgskulen på Vestlandet.

2. Ved tildeling av prisen skal det leggast vekt på systematisk innsats for å utvikle kvalitet i utdanninga og god tilrettelegging for studentane sitt læringsarbeid. Det blir lagt vekt på god evne til formidling og samhandling med studentane, og bruk av nyskapande, varierte og studentaktive arbeids- og vurderingsformer.

Systematisk arbeid med mellom anna forskingsbasert undervising, internasjonalisering og studentevaluering vil også kvalifisere for prisen, i tillegg til innsats for eiga fagleg og pedagogisk utvikling.

3. Alle tilsette, studentar og formelle høgskule- og studentorgan kan kome med framlegg til kandidatar. Forslaga skal vere grunngitte.

5. Utdanningsutvalet oppnemner ein jury som får fullmakt til å vurdere søknadane og gjere  vedtak om kven som skal få prisen. Juryen skal bestå av medlemmar frå Utdanningsutvalet eller Læringsmiljøutvalet ved HVL. Juryen skal også ha eitt eksternt medlem. Dersom det vert vurdert at det ikkje er kvalifiserte kandidatar vert ikkje prisen delt ut.

6. Prisen består av ein pengesum, for tida kr 75.000, og ein diplom. Prispengane skal brukast til tiltak som fremjar kvaliteten i undervisning og læringsarbeid, og kjem i tillegg til andre midlar. Prisvinnaren skal informere Utdanningsutvalet om kva midlane er brukt eller planlagt brukt til før neste prisutdeling.

7. Prisen blir utdelt i samband med den årlege konferansen for utdanningskvalitet og læringsmiljø. Fristen for å kome med forslag på kandidatar blir sett til seinast halvannan månad før dette.


Nominasjon 2021

Fristen for å nominere er 27. september 2021. 

Du sender inn forslaget ditt på dette skjemaet