Myndigheitskart og delegasjonsoversikt

Føremålet med myndigheitskartet er å gje ein oversikt over intern fordeling av myndigheit, samt gjeldande delegasjon ved HVL.

HVL sin styringsmodell

I samsvar med styrevedtak av 9. juni 2016 om fusjon ved Høgskolen i Bergen, Høgskolen Stord/Haugesund og Høgskulen i Sogn og Fjordane og kongelig resolusjon av 17. juni 2016 har HVL ekstern styreleder, jf. uhl. § 9-3 første ledd, og tilsett rektor, jf. uhl. § 10-1.

Høgskulestyret

Den myndigheit som er lagt til Høgskulen på Vestlandet (HVL) etter universitets- og høgskulelova (uhl.) og anna grunnlag, ligg hos høgskulestyret som høgskulens øvste organ. Alle avgjersler ved institusjonen som er teke av andre organ enn høgskulestyret er teke på styret sine vegne og på styret sitt ansvar, jf. uhl. § 9-1.

Styret kan delegere avgjersler, unntatt der loven gjer myndigheit til «styret sjølv», eller der andre særskilde innskrenkingar er til hinder for delegasjon. Avgjersler som universitets- og høgskulelova med forskrifter slår fast at ligg til styret sjølv, går fram av delegasjonsreglement for Høgskulen på Vestlandet, kap. 2.1 Styret selv – delegasjonsforbud.

Delegasjon fører ikkje til overføring av myndigheit – styret har framleis det formelle ansvaret for sakshandsaminga, og kan kalle tilbake delegasjonen samla og i enkeltsaker.

Rektor

Rektor ved HVL er tilsett, og dagleg leiar for den faglege og administrative verksemda ved institusjonen, jf. uhl. § 10-1.

Styret delegerer avgjersler til rektor der delegering ikkje er innskrenka av lov eller anna, eller der noko anna følger av styret sitt delegasjonsvedtak. Rektor kan delegere vidare om ikkje anna er fastsatt.

Avgjersler som rektor har delegert til råd eller utval ved HVL, kan ikkje bli delegert vidare.

Rektor skal ha en fast avløysar som trer i funksjon med tilsvarande fullmakter og myndigheit i rektor sitt fråvær. Prorektor for utdanning er rektor sin faste avløysar.

Nemnd for studentsaker ved Høgskulen på Vestlandet

HVL har oppretta nemnd for studentsaker slik høgskulen er pålagt etter uhl. § 5-1. Der universitets- og høgskulelova legg avgjersler til «styret sjølv eller institusjonens klagenemnd», har HVL lagt avgjerslene til nemnda. Dette gjeld i hovudsak sakar om fusk og utestenging frå studiet.

Myndigheitskart

HVL sitt myndigheitskart tek utgangspunkt i den avgjerslemyndigheit som er lagt til institusjonen av overordna organ. Dette kan vere Stortinget gjennom lovvedtak, eller fagdepartement gjennom forskrift, reglement, tildelingsbrev eller på annan måte.

Myndigheitskartet viser den avgjerslemyndigheit høgskulestyret har delegert til rektor, slik det går fram av delegasjonsreglementet for Høgskulen på Vestlandet.

Det viser vidare i kva grad slik myndigheit er delegert, og om den kan delegerast vidare i organisasjonen. Denne delegasjonsoversikten viser kvar avgjerslemyndigheit på sentrale saksområder er delegert i HVL. Delegert avgjerslemyndigheit vert til ein kvar tid utøvd innanfor dei tildelte økonomiske rammer, og elles i samsvar med lov og forskrift.