Fakultetsrådet FHS

Fakultetsrådet er rådgivande organ for dekanen ved fakultetet.

Mandat for fakultetsråd i HVL

Rådet skal vera eit rådgjevande organ i overordna, strategiske saker som dekan legg fram. Rådet kan også på eige initiativ løfte fram saker av strategisk eller prinsipiell karakter. Dette er særleg viktig i saker som bidrar med eksterne perspektiv som styrker samfunnsrelevansen til fakultetet si verksemd.

Medlemane i fakultetsrådet representerer ikkje særinteresser, men skal ha heilskapen i fakultetet si verksemd knytt til strategiske målsettingar som rettesnor.

Det skal haldast 3-4 rådsmøte i året, med møtevarigheit på inntil 3 timar. Første møte i ein rådsperioden skal utvidast med gjennomgang av mandat, rolleforståing og forventingsavklaring blant rådet sine medlemar.

Funksjonstid og samansetnad

Rådet si funksjonstid følgjer dekanane sine åremålsperiodar.
Rådet vel sjølv sin leiar, som er ansvarleg for leiing av møta i rådet. Leiar kan vere ein ekstern representant. Dekan er ansvarleg for sekretariatsfunksjon for rådet. Alle representantar skal ha vara.

Fakultetsrådet er satt saman slik:

  • Dekan
  • Inntil 3 representantar frå vitskapleg tilsette ved fakultetet
  • 1 representant frå administrativt tilsette ved fakultetet
  • Inntil 4 eksterne representantar
  • 2 studentrepresentantar

Medlemmar i rådet

Leiar av rådet 

  • Dekan Randi Skår 

Undervisning- og forskarstilling (UF)

  • Kjetil Grimastad Lundberg
  • Ole Tormod Kleiven
  • Lena Victoria Nordheim

1. vara Mariya Stoyanova Bikova

Teknisk-administrative

  • Linda Thue Lydersen

Eksterne representantar

  • Einar Hovlid (Statens helsetilsyn)
  • Marianne Clauda Bjørkly Bjørkly (NAV)
  • Elin Wetås Jara (KS)
  • Sverre Simen Hov (Bergen Næringsråd)


  • 1. vara Frode Storvik (NAV)
  • 2. vara Kari Øritsland (VIS innovasjon)

Studentar

Linnéa Solvang

Therese Bøyum er sekretær for rådet.