Deltidsjobb som studentassistent ved FHS

Ynskjer du deltidsjobb som studentassistent ved Fakultet for helse- og sosialvitskap? Søk her innan 1. juni 2021!

Vi er på jakt etter deg som er 2. eller 3. årsstudent på bachelor eller masterstudent, hausten 2021.

Om jobben

For å styrke arbeidet med kvalitet i utdanninga sikre godt læringsutbyte, læringsmiljø og studieprogresjon, ynskjer høgskulen at alle studentar skal få tilbod om delta i ei studentgruppa leia av ein studentassistent.

Som studentassistent får du ansvar for ei eller fleire studentgrupper som du møter jamleg gjennom studieåret. Målet er å bidra til at studentane lykkast i utdanninga si, både fagleg og sosialt. Tema for møta kan vere fagleg, studiemeistring, motivasjon og rett og slett det å bli kjende med kvarandre og faget ein studerer. Du vil få opplæring og du vil ha ein fagleg kontaktperson som følgjer opp undervegs.

Arbeidsoppgåver:

  • Planlegge og gjennomføre møte med studentgruppa
  • Støtte studentane i fagleg arbeid
  • Det kan vere aktuelt med oppgåver knytt til undervisning og ferdigheitslæring
  • Delta i kontaktmøte med fagmiljø/institutt/fakultet og erfaringsutveksling med andre studentassistentar 
  • Bidra til at studentane blir betre kjend med kvarandre, og bygge eit godt fagleg og sosialt læringsmiljø i studentgruppa 

Arbeidstid, løn og attest

Jobben er løna (inkludert kurs, førebuing og evaluering) med kr 185 per time. Du møter studentgruppa du har ansvaret for 2-4- timer per veke. Du får 10 timar til opplæring, og 10 timar til  førebuing og evaluering. Totalt max 80 arbeidstimar pr. studentgruppe pr. semester.

Utbetaling vert gjort ved at du skriv timelister. Det kan bli aktuelt å forlenge engasjementet. Du får attest frå HVL etter fullført jobb. 

Forventningar til deg:

  • Du har lyst og er motivert til å arbeide med nye studentar og å bidra til å etablere godt læringsmiljø
  • Du evner å sjå og lytte til dine medstudentar
  • Du kan arbeide sjølvstendig og liker å samarbeide med andre studentar
  • Du er strukturert, og er god til å planleggje, men samtidig fleksibel og kan improvisere
  • Du har god innsikt i eige studieprogram

Søknadsfristen er 1. juni 2021

Klikk her for å sende inn ein kortfatta søknad

 

Lurar du på noko?

Spørsmål om stillinga kan rettas til prosjektleiar Mildrid Haugland på epost: mildrid.jorunn.haugland@hvl.no 

Søknaden vert handsama av Mildrid Haugland. Tilsetjingane vil gjerast i samråd med leiar av den einskilde utdanning.