Praksisprosjektet ved FHS

Prosjektet skal bidra til kvalitetsutvikling og kvalitetssikring av praksis som læringsarena for studentane.

I åra framover vil Noreg ha behov for mange fleire tilsette med helse- og sosialfagleg utdanning. Ei viktig del av utdanninga er at studentane får den arbeidslivsrelevansen og praksisen både dei og samfunnet treng.

Mål med prosjektet 

I praksisprosjektet skal vi bidra til kvalitetsutvikling og kvalitetssikring av praksis gjennom tre hovudområdar:

  • Utvikling av praksis som læringsarena
  • Samarbeidsstillingar og bruk av samarbeidsmidlar
  • Internasjonal praksis heime og ute

Det inneber at vi skal:

  • Sikre at praksisplassane er relevante for å utdanne dagens og morgondagens yrkesutøvarar.
  • Sikre god kommunikasjon mellom FHS, praksisstad og student.
  • Leggje til rette for at studentane kan nå læringsutbyttet for praksis både heime og ute.
  • Leggje til rette for sosialisering inn i profesjonen og utvikling av profesjonsidentitet.
  • Sikre god ressursbruk av praksisplassar knytt til dei fem campusane, og bruk og utvikling av digitale verktøy.
  • Sikre at HVL sitt samfunnsansvar for å utdanne høgt kvalifiserte yrkesutøvar til heile Vestlandet vert ivaretatt.
  • Utvikle modellar for fordeling av praksisplassar og eigarskap ved FHS.

 

Vi skal sikre at praksisplassane er relevante for å utdanne dagens og morgondagens yrkesutøvarar innan helse- og sosialvitskap.

Frå prosjektmandatet