Samordningsprosjektet - BSV

Utdanningane innan barnevern, sosialt arbeid og vernepleie (BSV) skal samordnast innan 1.8.2019. Det er eit eige prosjekt for dette arbeidet, og målsettinga med prosjektet er å samordne utdanningane barnevernspedagog, sosialt arbeid og vernepleie i Høgskulen på Vestlandet (HVL).

Utdanningane skal samordnast på tvers av studiestadane, samtidig skal lokal profil og utdanningane sine fagspesifikke trekk ivaretakast. 

Prosjektet har i oppgåve å ferdigstille studieplanar i BSV-utdanningane i tråd med den nye nasjonale forskrifta og det nye styringssystemet. Samordningsprosjektet ligg om lag eit halvt år i forkant av det nasjonale prosjektet RETHOS, og føl arbeidet som vert gjort der tett.

Prosjekt ansvarleg er dekan Randi Skår og prosjektleiar er Cecilie Thaule Løvlid. Styringsgruppa vert leia av instituttleiar Svanaug Fjær.

Referansegruppa er samansett av to personar frå praksisfeltet og ein person frå utdanningsfeltet frå kvar utdanning, samt ein frå administrasjonen ved FHS.

Arbeidsprosess


Styringsgruppa vert leia av  Svanaug Fjær 


Barnevernspedagog:

Bård Tyldum, Fjell kommune
Odd Arne Steen, BUFetat
Grethe Karin Hoviosen, Høgskulen Sørøst Norge 
Sosialt arbeid:
Elin Hårstad, NAV Førde
Audun Pedersen, Bergen
Helle Cathrine Hansen, Den vitskaplege høgskule
Vernepleie:
Toril Vebenstad, Fylkesmannen i Hordaland
Ole Daniel Virkesdal, Bergen kommune
May Østby, Høgskulen i Østfold
Frå administrasjon:
Hilde Kristin Tveit, seniorrådgjevar FHS