Arbeid med kvalitet i utdanningane ved FHS

Vi skal vere attraktiv, tett på studentane og kjend for kvalitet i utdanning. Fakultet for helse- og sosialvitskap tilbyr ei stor studieportefølje med ei rekkje utdanningar frå bachelor til ph.d.

Arbeidet med utdanningskvalitet i utdanningane er leia av prodekan for utdanning og følgt opp av institutt og fagseksjonsleiing og studieprogramansvarlege.

Det er etablert 20 studieprogramråd knytt til våre bachelor- og masterprogram. Studieprogramråda er sentrale i arbeidet med kvalitet i utdanningane.

Vidare- og etterutdanningane i fakultetet er inkludert i relevant studieprogramråd.

Kvalitet i emne

Utvikling av emne skjer med utgangspunkt i erfaringar, dialog og evalueringsresultat. Kjeldene til informasjon om kvalitet i emne hentast frå:

  • Referansegruppemøte eller klasse/kullmøte som vert gjennomført om lag midt i emnet. Studentane skriv referat frå desse møta.
  • Anonym sluttevaluering på emne som vert gjennomført i slutten av emnet minimum kvart tredje år.
  • Avsluttande evaluering av emnet, enten med ein emnerapport frå emneansvarleg og/eller med avsluttande dialogmøte med alle emneansvarlege på studieprogrammet. Den avsluttande evalueringa gir grunnlag for forslag om endringar i emne og/eller studieprogram.

Tidspunkt for når det enkelte emne skal gjennomføre dei ulike aktivitetane vert fastsett av studieprogramrådet. Referat frå desse møta, emnerapportar og oppsummering frå anonym emneevaluering, ligg i SharePoint under det enkelte institutt.

Emneansvarleg ser til at evalueringa blir gjennomført og at dokumentasjon av kvalitetsarbeidet sendast til fagseksjonsleiar.

Fagseksjonsleiarane ser til at dokumentasjonen blir tilgjengeleg i SharePoint slik at studentane får tilgang til dokumenta i Canvas.

Emne på tvers i fakultetet

Masteremnet Vitenskapsteori, etikk og metode er eit fellesemne for alle masterprogramma ved fakultetet. Evaluering av dette emne gjennomførast av emnekoordinator på det enkelte studieprogram og sendast emneansvarleg, som skal følge ordinær rutine ved emneevaluering.

Referat og rapportar av fellesemne i fakultetet vert handsama i Utdanningsutvalet FHS ved behov.

Kvalitet i studieprogram

Studieprogramrådet fastsett oppfølgingsform for studieprogramma. Alle studieprogram ved FHS bør leggje inn faste møte med studenttillitsvalde som ein del av oppfølgingsforma til studieprogrammet.

Fagseksjonsleier har ansvar for at studentane vel studenttillitsvalde og vararepresentantar på alle kull.

Dokumentasjon frå kvalitetsarbeidet på studieprogramnivå blir henta frå desse kjeldene:

  • Studenttillitsvaldmøte anbefalast som eit fast møtepunkt minst ein gong kvart semester mellom tillitsvalde studentar og fagseksjonsleiar/ studieprogramansvarleg. Instituttleiar kan delta på desse møta. Referat lagrast i Sharepoint.
  • Studieprogramrådet har 2-3 møte kvart år. Studieprogramråda skal gje fagseksjonleiar og fakultetsleiing råd om utvikling av kvaliteten i studieprogramma og læringsmiljøet. Referata frå desse møta skal lagrast i SharePoint. Sentrale saker som behandlast av Studieprogramråda er:
       - val av oppfølgingsform
       - gjennomgang og oppfølging av Studiebarometeret og andre student - og kandidatundersøkingar
       - revidering av emneplanar og studieprogram
  • Samarbeidsmøte med praksis gjennomførast på alle bachelor- og nokre masterstudiar. Referat frå desse møte bør og leggjast i Sharepoint.

Fagseksjonsleiar har ansvar for å følgje opp dokumentasjonen frå det systematiske arbeidet med kvalitet i studieprogrammet.

Årleg vurdering av kvalitet i studieportefølje

Fakultetet vurdera årleg studieporteføljen og sender vidare sak om studietilbodet til høgskuleleiinga. Fakultetet innarbeider tiltak for å utvikle enkeltvise studieprogram i planar på institutt- eller fakultetsnivå.

Ressursar