Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap (FØS)

Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap har om lag 2 000 studentar og 120 tilsette fordelt på tre campusar – Bergen, Haugesund og Sogndal.

FØS tilbyr utdanningar på bachelor-, master- og ph.d.-nivå og tar opp studentar til både teoretiske, arbeidsretta disiplinfag og profesjonsutdanningar. Fakultetet har eit tett samarbeid med samfunn- og arbeidslivet i heile regionen. Dette gir mellom anna utslag i forskingssamarbeid og ein brei portefølje knytt til etter- og vidareutdanning.

Det mangearta studietilbodet gir unike moglegheiter for samspel mellom fagområder og disiplinar internt i fakultetet, men også ut over fakultetsgrenser.

Utdanning

FØS har eit studietilbod frå bachelor til ph.d. og tilbyr studiar innan fagområde som økonomi og administrasjon, reiseliv, eigedomsmekling, juss, sosiologi, historie, nautikk og maritime studium. Fakultetet har eit breitt samarbeid med andre fagmiljø ved HVL innan både undervisning og forsking og bidrar mellom anna inn i utdanningsprogram ved FIN, FHS og FLKI.

Forskingsområde

Teknologiske, sosiale, kulturelle og miljømessige endringar krev samspel mellom ulike samfunnsinstitusjonar og sektorar, i tillegg til ei tverrfagleg tilnærming. Forskinga ved FØS er både tverrfagleg og mangearta, men samtidig kjenneteikna av ei orientering mot aktuelle samfunnsmessige utfordringar og praksisnære problemstillingar knytt til dei ulike fagområda og utdanningsprogramma i institutta.


Det engelske namnet på fakultetet er Faculty of Business Administration and Social Sciences.