Institutt for maritime studium

Institutt for maritime studium har utdanningar på bachelor-, master- og ph.d.-nivå og eit sterkt og aktivt forskingsmiljø.

Vi har tilsette frå seks nasjonar og samarbeider med universitet og forskingsinstitutt nasjonalt og internasjonalt. Instituttet held til i Haugesund.

Utdanningsprogram

Forsking

AITES og MarSafe er forskingsprogram ved instituttet.

MarSafe arbeider særskilt med tema som:

  • Sikkerheit for passasjerar, evakuering og overleving under ekstreme forhold i arktiske farvatn (ARCEVAC)
  • Autonome og fjernstyrte fartøy (HUMANE)
  • Sikkerheitsleiing i den maritime sektoren (SMMS)
  • Standardisert design innan navigasjonsinstrument (S-mode)
  • Maritimt arbeid i komplekse sosio-tekniske system (MASALA – bok-prosjekt)
  • Sosial liv og organisasjon på fartøy