Arbeid med kvalitet i utdanningane ved FØS

Vi skal tilby attraktive utdanningar av høg kvalitet og vere tett på studentane våre. Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap tilbyr ein brei portefølje med ein rekke utdanningar frå bachelor til ph.d.

I arbeidet med kvalitet i utdanningane er det oppretta ei rekke roller og ansvarsområde som til saman skal sørge for at rammene for kvaliteten studentane opplever er gode. Arbeidet bygger på HVL sitt rammeverk for kvalitet i utdanningane.

Arbeidet med utdanningskvalitet er leia av prodekan for utdanning, instituttleiarane og dei studieprogramansvarlege. Det er etablert sju studieprogramråd knytt til våre bachelor og masterprogram. Etter- og vidareutdanningane i fakultetet er inkludert i dei relevante studieprogramråda. Studieprogramråda er eit rådgjevande organ for studieprogramansvarleg og institutt- og fakultetsleiinga om utvikling av kvalitet i studieprogramma, og for læringsmiljøet.

I tillegg har utdanningsutvalet ved FØS ei sentral rolle i arbeidet med å sikre og utvikle utdanningskvaliteten ved alle studieprogramma ved fakultetet.

Kvalitet i emne

Utvikling av emne skjer med utgangspunkt i erfaringar, dialog og evalueringsresultat. Ei av kjeldene er referansegruppe- eller klassemøte undervegs i semesteret.

Kjeldene til informasjon om kvalitet i emne hentast frå:

  • Referansegruppemøte eller klasse-/kullmøte. Studentane skriv referat frå desse møta.
     
  • Anonym sluttevaluering på emne, som blir gjennomført minimum kvart tredje år.
     
  • Avsluttande evaluering av emnet, enten med ein emnerapport frå emneansvarleg og/eller med avsluttande dialogmøte med alle emneansvarlege på studieprogrammet. Den avsluttande evalueringa gir grunnlag for forslag om endringar i emne og/eller studieprogram.

Tidspunkt for kva og når dei enkelte emna skal gjennomføre dei ulike aktivitetane vert fastsett av studieprogramrådet. Referat frå desse møta, emnerapportar og oppsummering frå anonym emneevaluering, ligg i SharePoint under det enkelte institutt (MERK at dette ikkje er praksis per i dag, men et mål).

Emneansvarleg ser til at evalueringa blir gjennomført og at dokumentasjon av kvalitetsarbeidet sendast til studieprogramansvarleg.

Kvalitet i studieprogram

Studieprogramrådet fastset oppfølgingsform for studieprogrammet. Alle studieprogramråd ved FØS bør leggje inn faste møte med studenttillitsvalde som ein del av oppfølgingsforma.

  • Studenttillitsvaldmøte er eit fast møtepunkt 1-2 gonger kvart semester mellom tillitsvalde studentar og studieprogramansvarleg. Instituttleiar og/eller leiar av studieprogramrådet kan delta, og møta kan vere felles for fleire studieprogram og felles for fleire trinn. Referat frå møta kan lagrast i Sharepoint.
     
  • Avsluttande evaluering av semesteret skjer enten med emnerapport frå emneansvarleg og/eller med avsluttande dialogmøte på studieprogrammet. Den avsluttande evalueringa gir grunnlag for forslag om endringar i emne- og studieplan. Eventuelt referat/rapport lagrast i Sharepoint.
     
  • Studieprogramrådet har årlege møter, og referat lagrast i Sharepoint.

Ressursar

Kvalitetshandboka

Relaterte råd og utval