Strategi 2019–23

Høgskulen på Vestlandet skal bli eit universitet med ein tydeleg profesjons- og arbeidslivsretta profil. I utdanning, forsking og utviklingsarbeid skapar vi ny kunnskap og kompetanse, forankra internasjonalt og omsett til løysingar som verkar lokalt.

Kunnskap som bygger menneske og samfunn

Visjon

I den profesjons- og arbeidslivsretta profilen vår står samspel, berekraft og nyskaping sentralt.

  • Samspel handlar om samhandlinga både med omgjevnadane og internt i høgskulen. Det trengst fleirfagleg kompetanse for å finne gode løysingar på utfordringane i samfunnet. Vi vil utvikle ny kunnskap i tett samspel med omverda. Vi har noko å tilføre kvarandre – mellom fagmiljø, mellom campusar og mellom tilsette og studentar.

  • Berekraft handlar om vårt felles globale ansvar både for dei som lever i dag og dei som kjem etter oss. Med breidda i faga våre er alle dei 17 berekraftmåla som FN har sett relevante for oss. HVL skal vere ei drivkraft for berekraftig utvikling.

  • Nyskaping handlar om å forbetre produkt og tenester, vidareutvikle profesjonar og teknologi, arbeidsmetodar og undervisningsformer. Vi skal vere innovative og utruste studentane med kompetanse som gjer dei kreative, løysingsorienterte og nyskapande.

Vestlandet - regionen vår

Universitetet som vi saman skal arbeide for å bli, skal vere ein viktig skapande faktor i utforminga av det framtidige Vestlandet.

Historisk har Vestlandet vore prega av egalitær samfunnsstruktur med sjølveigande bønder, kystkvinner og lokalt entreprenørskap, sterke motkulturar og folkerørsler – og ikkje minst spreidd busetnad. Byen var Bergen. Sjølv om det har budd folk i Vest-Noreg i meir enn ti tusen år, kan ein først spore tanken om eit «Vestland» tilbake til midten av 1700-talet.

Nokre av kjenneteikna ved landsdelen vår i dag er:

  • Store naturressursar: Fisk, rein energi, olje og gass
  • Internasjonalt og industriretta næringsliv med mykje eksport
  • Kunnskapsmiljø i verdsklasse
  • Havet, sjøen, fjordane, fjella
  • Fjordbygder, ferjer og kystbyar
  • Veksande byområde og bygdesamfunn under press
  • Regiondialektane og nynorsken

Verdiar

I arbeidet vårt skal vi vere utfordrande, delande og tett på. 

  • Utfordrande: Vi stiller spørsmål ved det etablerte ved å fremme handlekraft, kritisk tenking og evne til refleksjon.

  • Delande: Kunnskap veks når den blir delt. Gjennom dialog med samfunnet og kvarandre, bidrar vi til at ny kunnskap veks og får gjennomslagskraft.

  • Tett på: Det er nærleik mellom studentar og tilsette, og mellom høgskulen og arbeidslivet vi utdannar til – og saman med. Vi arbeider praksisnært og vidareutviklar studia til beste for regionen.