Det nye universitetet på Vestlandet 2023

Eit universitetsprosjekt er no i gang ved HVL, slik at vi blir det nye profesjons- og arbeidslivsretta universitetet på Vestlandet. Vi skal levere søknaden innan 2023.

HVL har over 150 års erfaring med å utdanne kandidatar som samfunnet treng. Sjølv om vi er ein ny institusjon, har vi lange røter og tradisjonar innan profesjonane våre, og det skal vi halde fram med også som universitet. 

Sidan fusjonen har HVL nedfelt at vi skal jobbe for å bli eit universitet. Våren 2019 blei det derfor starta opp eit universitetsprosjekt som skal kartlegge korleis vi ligg an i forhold til krava. Prosjektet skal dessutan finne namn til det nye universitet, jobbe fram endringar internt, i tillegg til å skrive sjølve søknaden. 

Spørsmål og svar om det å bli universitet:

Kven skal vi bli?

HVL skal bli eit profesjons- og arbeidslivsretta universitet. Vestlandets neste og nyeste universitet er tilstades med fem campusar i heile regionen. Vi har nokre av dei største og beste fagmiljøa i Noreg og i Norden for utvikling av velferdssamfunnets profesjonar, og for teknologiutvikling i næringslivet. 

Vi skal bidra til eit meir mangfaldig universitetsomgrep, ved å bli eit universitet som legg vekt på det praksisnære og på anvendt forsking. Vi ska tilby livslang læring, og vi skal finne nye løysingar på utfordringar i velferdssamfunnet og i næringslivet. Det at vi blir universitet vil forsterke Vestlandet som region.

Kvifor skal vi bli universitet?

  • Fordi Vestlandsregionen treng eit profesjons- og arbeidslivsretta universitet, som tilbyr noko anna enn dei eksisterande universiteta på Vestlandet. Bergen er den einaste storbyen i Skandinavia som ikkje har eit teknisk universitet. Vi står i ein unik posisjon som fleircampusinstitusjon til å understøtte innovasjon og bidra til utvikling av næringslivet i Vestlandsregionen. 
  • Noreg og Vestlandet treng kompetanse på omstilling, nyskaping og berekraftig, regional utvikling. Dette er kjernen i det HVL jobbar med, både når det gjeld forsking, utvikling og samarbeid med omgjevnadane. 
  • Gjennom våre fem campusar bidrar vi til regional utvikling gjennom innovasjon og ny forsking. Slik kan vi forsterke Vestlandet sin posisjon som den mest innovative delen av Noreg, og som ein kunnskapsintensiv region. Vi kan enklare snu oss etter etterspurnaden lokalt. Vår forsking og vår kunnskap kan enkelt delast mellom Bergen, Sogndal og Førde i nord, til Haugesund og Stord i sør.
  • Kvifor må ein sjukepleiar forske? Svaret er at vi treng ny kunnskap for å utvikle nye løsningar som kommunane og fylka treng. Nesten all radikal innovasjon har forsking basert i bunn. Vi skal forske på profesjonane våre for å gjere kvaliteten på utdanningane høgare. 
  • Fordi vi leverer kunnskap og kandidatar til den mest innovative regionen i Norge, og til velferdssamfunnets viktigste yrker

Korleis jobbar HVL for å bli universitet?

Rektor er prosjekteigar og prorektor for forsking er prosjektansvarleg. I tillegg er det tilsett ein prosjektleiar. Dei to siste utgjer prosjektleiinga. 

Ei arbeidsgruppe skal jobbe med søknaden og ei referansegruppe skal gi innspel til prosjektet. 

Arbeidsgruppa skal kartlegge korleis HVL ligg an i forhold til kva som skal til for å bli universitet. Ut frå dette kan det hende at høgskulen må setje i gong tiltak for å nå måla. Det er viktig for oss at prosjektarbeidet har samanheng med andre aktivitetar ved HVL, og ikkje skjer på sida. Arbeidsgruppa skal også lære av OsloMet, Høgskulen i Innlandet og Universitetet i Sørøst-Norge​ og ha dialog med UiSUiA og NORD​. 

Undervegs skal vi halde god kontakt med eksterne samarbeidspartnarar og forankre godt internt på høgskulen, med god informasjon.

Blir meir av undervisninga på engelsk når vi blir universitet?

Det er ingen mål per i dag at det skal gå føre seg meir undervisning på engelsk. 

HVL har eit ønske om å rekruttere fleire internasjonale studentar og vi vil gi studentane våre internasjonalt læringsutbyte. Det kan også kome til nye forelesarar frå utlandet. Derfor kan det bli fleire emne på engelsk, utan at det kjem som direkte konsekvens av at HVL blir universitet. 

Kjem HVL til å innføre Ex.phil som universitet?

Nei, det er ingen konkrete planar om å innføre obligatorisk ex.phil eller ex.fac. Det er heller ikkje eit krav, ifølge universitets- og høgskulelova. 

Uavhengig av universitetsambisjonen har HVL planar om eit felles innføringsemne i danning og teknologi. Det kjem meir informasjon om dette til våre studentar på sikt. 

Blir det nokre endringar i utdanningstilbodet?

Nei, det blir ingen endringar av studieporteføljen som kjem av at vi blir universitet. Vi utviklar studieporteføljen vår kontinuerleg, og dette utviklingsarbeidet skjer uavhengig av kva slags institusjonell status vi har. Som universitet kan vi sjølv bestemme endringane i studieporteføljen, som høgskule må vi søke om dette hos NOKUT og Kunnskapsdepartementet. 

Skal HVL gå bort frå praksis som universitet?

Høgskulen på Vestlandet skal bli eit profesjons- og arbeidslivsretta universitet. Vi skal med andre ord halde på den profilen vi har i dag, berre som universitet. Utdanningane våre skal framleis vere praksisnære og tett på nærings- og samfunnsliv. 

Blir det endringar på klassene når vi blir universitet?

Nei, det at vi blir universitet vil ikkje påverke korleis klassene blir lagt opp. Det kan likevel hende at det skjer endringar i klassestrukturen på sikt utan at det har med universitetsstatusen å gjere. 

Kjem forelesarane til å vere mindre tilgjengelege fordi dei skal forske meir?

Nei, det er ingen ved HVL som berre skal forske eller berre drive med utdanning. Ved HVL skal både forskinga og utdanninga henge saman. Studentane våre skal få god undervisning med døme frå oppdatert forsking. 

Som universitet sikter HVL på å få ein god kompetansemiks blant våre faglege tilsette. Det betyr at vi har forelesarar som har erfaringskompetanse fra yrkeslivet, og forelesarar med forskingskompetanse. Vi meiner at miksen av begge desse typane kompetanse til saman utgjer eit godt utdanningstilbod. Eit mål er også å ha med studentane i ulike typar forskingsaktivitet. 

Tidsressursfordeling og delen forskings- og undervisningstid har ikkje direkte med å gjere om ein er høgskule eller universitet. 

Vil det bli meir eller mindre obligatorisk undervisning?

I utgangspunktet blir det ingen endringar i dette som følge av ein universitetsstatus.