Klagenemnda

Klagenemnda er eit lovpålagt organ, jf. lov om universiteter og høgskoler § 5-1. Samansetting av nemnda er regulert av lova.

Mandat

Klagenemnda behandlar følgjande saker:

  • Saker som omhandlar fusk og forsøk på fusk jamfør universitets- og høgskulelova og forskrift om studium og eksamen ved HVL.
  • Skikkasaker etter innstilling frå Skikkavurderingsnemnda ved HVL
  • Saker gjeldande merknad på politiattest jamfør Universitets- og høgskulelova og forskrift om studium og eksamen ved HVL .
  • Klagesaker som gjeld reglane om klage i forskrift for graden philosophiae doctor (Ph.d) ved HVL.
  • Klager over enkeltvedtak, som til dømes klage på formelle feil under eksamen, avslag om opptak (til utdanningar som ikkje inngår i Samordna opptak), vurdering av realkompetanse.
  • Klager i samband med val av representantar og ombod ved HVL.
  • Saker gjeldande bortvising jamfør Universitets- og høgskulelova

Klagenemnda kan prøve alle sider av saka. Nemnda er vedtaksfør når leiar eller vara for leiar og to andre medlemmer er til stades.

Vedtak i saker som medfører utestenging og bortvising grunna klanderverdig oppførsel, fusk eller forsøk på fusk, merknad på politiattest eller som følgje av skikkavurdering skal treffast med minst to tredjedels fleirtal.

Samansetting

For perioden 1.9.2020–31.8.2024:

  • Leiar: Tingrettsdommar Bjørg Kvelstad
    Vara for leiar: Lagdommar Beate Blom
  • Fagtilsett: Åshild Havnerås
    Personleg vara: Professor Catharina Renate Christophersen
  • Fagtilsett: Førsteamanuensis Sven Olai Høyland
    Personleg vara: Høgskolelektor Alfred Limstrand

For perioden 01.09.2020–31.08.2021:

  • Studentrepresentant: Lovise Vedvik
    Personleg vara: ikkje valt enno
  • Studentrepresentant: Adrian Helgheim
    Personleg vara: Jelle Sebastian Bruin

For perioden 1.9.2021–31.8.2022:

  • Studentrepresentant: Christine Civetta Yokota Vigerust
    Personleg vara: Julie Gudmundsen Lund

Møteplan hausten 2021

  • 27. august (Innsendingsfrist: 6.8.)
  • 24. september (Innsendingsfrist: 3.9.)
  • 29. oktober (Innsendingsfrist: 6.10.)
  • 19. november (Innsendingsfrist: 29.10.)
  • 17. desember (Innsendingsfrist: 26.11.)

NB: Fristane i møteplanen er interne fristar for fakultet og einingar ved HVL, og gjeld oversending av klage/vedtak.

Søkjarar, studentar og andre skal sende sin klage til Høgskulen på Vestlandet, postboks 7030, 5020 Bergen eller e-post til post@hvl.no. Vi anbefalar å sende klage per post dersom klagen inneheld sensitive opplysningar

Kontaktinformasjon

Spørsmål som gjeld klagesaker kan rettast til sekretariatet for klagenemnda: klagenemnda@hvl.no

Kontaktpersonar:

Rådgivar
Fellesadministrasjon

 

Rådgivar
Fellesadministrasjon