Samhandlingsutval

Samhandlingsutvalet er lagt ned.

Medlemmar

  • Liv Reidun Grimstvedt, prorektor for samhandling (leiar)
  • Sigurd Sandvold, prodekan for strategiske satsingar FLKI – internasjonalisering, digitalisering og EVO
  • Jens Kristian Fosse, senterleiar for Mohnsenteret
  • Anne-Grethe Naustdal, prodekan for utdanning FHS
  • Kristin Reiso Lawther, administrasjonssjef FØS
  • Svein Ove Eikenes, avdelingsleiar AKS
  • Jan Ove Henriksen, avdeling for økonomi og areal, verksemdstyring
  • Jonas Hagesæther Røthe, arbeidsutvalet for Studenttinget
  • Hilde Stange, sekretær

Mandat

Samhandlingsutvalet er eit rådgjevande organ for leiing og styret ved HVL og ein arena for å:

  1. fremme forslag til korleis høgskulen skal styrke praksisnær utdanning, forsking og utviklingsarbeid (FoU) i klynge- og nettverkssamarbeid med det regionale samfunns- og arbeidsliv
  2. setje aktuelle tverrfakultære spørsmål på dagsorden
  3. foreslå institusjonelle tiltak for oppfølging knytt til utviklinga i sektoren både nasjonalt og internasjonalt
  4. fremme tiltak for å vidareutvikle gode relasjonar mellom HVL og andre institusjonar i sektoren
  5. fremme forslag til tiltak som vil synleggjere HVL som ein viktig aktør både nasjonalt og internasjonalt
  6. fremme konkrete tiltak som kan styrke aktivitetane ved HVL, og samhandlinga med samfunns- og arbeidslivet
  7. komme med fortløpande forslag og innspel til prosessar som møter langsiktige kompetansebehov i samfunn- og arbeidsliv i nærregionane
  8. orientere om framdrift i eksisterande prosjekt og aktivitetar som utvalet ønsker å følge opp, gi råd til linjeorganisasjonen og andre samhandlingsarenaar som har som formål å styrke og samordne aktivitetar der HVL er involvert
  9. bidra til å styrke krafta i kontakten med eksterne aktørar med strategisk betydning for utviklinga av HVL regionalt, nasjonalt og internasjonalt
  10. utarbeide innspel til høyringar, strategiar og andre styrande dokument som er av tverrfakultær karakter
  11. nedsette komité og mandat til den årlege HVL-konferansen
  12. gje innspel til og følge opp HVL sin samla avtaleportefølje