Kommunikasjonsrådgivar

Elin Hovda Hageberg

Arbeids- og kompetanseområde

Eg jobbar for tida som rådgjevar for rektor.

Eg har kommunikasjonsansvar for nybygget K2 der vi skal ha aktivitetsbaserte arbeidsplasser.

Eg har ansvar for mediekontakt og gir medierådgjeving i møte med journalistar. Eg bidrar også med redaksjonell rådgjeving til kronikkar og debattinnlegg.

Eg er opptatt av god internkommunikasjon og gir deg gjerne råd om korleis du som leiar kan utføre ditt kommunikasjonsansvar.

Eg har ein sterk motivasjon for å hjelpe vitskapleg tilsette med å formidle sitt fagområde til eit allment publikum.

I perioden 2012- 2014 hadde eg internt og eksternt kommunikasjonsansvar for flyttinga av Høgskolen i Bergen til Kronstad.

Eg har tidlegare jobba i NRK Hordaland som radiojournalist.