Internasjonale institusjonelle nettverk

HVL deltek i fleire internasjonale institusjonelle nettverk. Føremålet med deltaking er å legge til rette for at HVL som institusjon, gjennom tilsette som deltar aktivt, held seg oppdatert og er med på å påverke utviklinga i høgare utdanning og forsking generelt og innanfor relevante områder spesielt.

International Association of Universities (IAU)

Grunnlagt i 1950 I regi av UNESCO og er i dag leiande global organisasjon for høgare utdanningsinstitusjonar og organisasjonar frå heile verda. IAU har pr. juni 2020 medlemmar i 130 land og handlar på vegne av medlemmane i høve til UNESCO og andre internasjonale høgare utdannings organisasjonar.

Prioriterte område

Møteplassar i IAU

I tillegg til det global leiarforumet og den årlege medlemskonferansen arrangerer IAU konferansar og arrangement knytt til høgare utdanning i heile verda.

Kontaktperson hjå HVL

Nestleiar
Avdeling for forsking, internasjonalisering og innovasjon
European University Association (EUA)

Grunnlagt i 2001. Organisasjonen har pr. juni 2020 850 medlemsinstitusjonar i 47 land med til saman meir enn 17 millionar studentar. Hovudkontoret ligg i Brussel.

Prioriterte område

EUA representerer interessene til universiteta gjennom å påverke politiske slutningsprosessar på europeisk nivå innan desse fem prioriterte områda:

  • Høgare utdanningspolitikk
    • T.d. ved å utvikle og publisere årlege Trendsrapportar 
    • T.d. ved å gje innspel til utvikling av EUs rammeprogram for forsking og utdanning (Horisont Europa og Erasmus+)

  • Forsking og innovasjon 
    • Koordinerer EUA Council for Doctoral Education som er eit nettverk av universitet som tilbyr doktorgradsutdanning, og fokuserer på utvikling av europeisk doktorgradsutdanning gjennom utveksling av erfaringar.

  • Internasjonalisering av høgare utdanning og forsking
    • T.d. ved å tilby støtte til utvikling av internasjonaliseringsstrategiar på institusjonsnivå
    • T.d. ved å bidra til å skape nettverk og møteplassar med regionar utanfor Europa

  • Styresett, autonomi og finansiering 
  • Styrke kvaliteten innan europeisk høgare utdanning

Møteplassar i EUA

I tillegg til ein årleg konferanse er det oppretta eigne styringsgrupper og arbeidsgrupper for ulike prioriterte område der HVL er velkommen til å delta.

  • Learning & Teaching Steering Committee
  • EUA Council for Doctoral Education Steering Committee
  • Research Policy Working Group
  • Expert Group on Science 2.0/Open Science
  • EUA Innovation Ecosystems Expert Group
  • High-Level Group on Big Deals

Kontaktperson hjå HVL

Nestleiar
Avdeling for forsking, internasjonalisering og innovasjon
Southern African – Nordic Network (SANORD)

Grunnlagt i 2007. Southern-African Nordic Network, SANORD, er eit institusjonsnettverk av universitet og høgskular i dei nordiske landa og i det sørlege Afrika. Føremålet med nettverket er å fremje multilateralt forskings- og utdanningssamarbeid mellom akademiske institusjonar i Norden og det sørlege Afrika.

Møteplassar i SANORD

Den årlege SANORD konferansen vert arrangert annakvart år høvesvis i eit nordisk land og eit land i det sørlege Afrika.

SANORD fremjar òg andre samarbeidsaktivitetar som faglege konferansar, seminar og workshops, tilbod av utdanningsprogram og kurs for nordiske og afrikanske studentar, kontakt med næringsliv og media. Kulturutveksling er sentrale aktivitetar i SANORD.

Stipendmidlar

SANORD forvaltar stipendmidlar til master/ph.d.- studentar frå sørlege Afrika som ynsker å ta eit semester ved eit nordisk universitet. Nettverket gjev òg støtte til forskarar for deltaking på den årlege konferansen og støtte til forskingsnettverk.

Kontaktperson hjå HVL

Nestleiar
Avdeling for forsking, internasjonalisering og innovasjon

 

Professor
Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett
European University Foundation (EUF)

Grunnlagt i 2015. EUF har pr. juni 2020 22 medlemsuniversitet og 36 assosierte medlemsinstitusjonar, mellom anna HVL. Føremålet til EUF er å bidra til å modernisere europeisk høgare utdanning.

Prioriterte område

Stiftelsen fokuserer på fem områder:

  • Kvalitet i utveksling
  • Arbeidsevne
  • Innovasjonspolitikk
  • Digitalisering i høgare utdanning
  • Aktivt medborgarskap

Møteplassar i EUF

HVL er medlem i EUF grunna arbeidet med forenkling og digitalisering av søknadsprosessane til studentutveksling, og deltek i relevante nettverk knytt til arbeidet.

EUF organiserer webinar, workshops og konferansar innanfor alle fem fokusområde.

Kontaktperson hjå HVL

Erasmuskoordinator
Avdeling for forsking, internasjonalisering og innovasjon
Scholars at Risk Network (SAR)

Scholars at Risk vart etablert ved University of Chicago i 1999. SAR-nettverket består i dag av over 500 universitet, høgskular og assosierte medlemmar frå om lag 40 land. Dei kjempar saman for grunnleggande menneskerettar særleg knytt til akademikarar og det globale akademiske samfunnet. I Noreg er samtlege universitet, UHR, SAIH og ei rekkje høgskular medlemmar. Den norske seksjoonen av SAR vart etablert i 2011.

Prioriterte område

Hovudføremålet med nettverket er å beskytte trua akademikarar, fremja akademisk fridom og forsvara alle sin rett til å tenkje, stille spørsmål og dele idear fritt og trygt. Dette vert gjort ved å nytte politisk press, gjennom informasjon, rådgiving, rettshjelp med meir.

Ei av SAR sine viktigaste oppgåver er å gje forfølgde forskarar ein fristad ved vertsinstitusjonen utanfor heimlandet.

Møteplassar i SAR

SAR Norway har medlemsmøte to gonger i året. Ein global kongress vert arrangert annakvart år. 

SAR arrangerer i tillegg seminar og arbeidsgrupper for å fremje presserande spørsmål knytt til akademisk fridom og høgare utdanning.

Kontaktperson hjå HVL

Seniorrådgivar
Avdeling for forsking, internasjonalisering og innovasjon
Students at Risk (StAR)

Students at Risk (StAR) er eit program som gjev forfølgde studentaktivistar høve til å fullføre den høgare utdanninga si i Noreg. Føremålet er at studenten skal vere betre rusta til å fortsetje kampen for menneskerettar og demokrati i eige land med ei akademisk grad og eit internasjonalt nettverk. StAR vart initiert av studentorganisasjonar (SAIH og NSO) i Noreg i 2012. Pilotprogrammet starta i 2015.

Prioriterte område

  • Sikre akademisk fridom
  • Internasjonalisering
  • Fred og demokratisering

 

Møteplassar i StAR

HVL deltek på møter med DIKU, UDI og andre utdanningsinstitusjonar som er med i samarbeidet.

Kontaktperson hjå HVL

Seniorkonsulent
Fellesadministrasjon