Praksissamarbeid med oss

Vi skal gje studentane kompetanse som gjer dei kreative, løysingsorienterte og nyskapande.

Praksis som del av utdanninga er viktig for å samle erfaringer som rustar de til arbeidslivet. Her finn du informasjon om praksissamarbeid ved dei ulike fakulteta våre. Er du praksisrettleiar allereie, finn du óg nyttig informasjon på praksisnettsidene våre. 

Praksissamarbeid med Fakultet for helse- og sosialvitskap

Vi utdannar kompetente profesjonsutøvarar som arbeider utifrå eit ressurs- og brukarorientert perspektiv. Alle våre bachelorutdanningar, og ein del av våre masterutdanningar, har praksis ute i arbeidslivet som stor del av sitt utdanningsprogram. Det gjeld sjukepleieutdanninga på bachelor- og masternivå, og utdanningane innan barnevern, vernepleie, sosialt arbeid, radiografi, fysioterapi, ergoterapi og jordmorutdanninga.

Gjennom oppfølging av studentar i praksis kjem våre fagtilsette i nær kontakt med praksisfeltet, og tar med innspel herifrå inn i arbeidet med å utvikle utdanningane.

Vi samarbeider med seks helseføretak på Vestlandet, om lag 200 kommunar, alle NAV-kontor i Vestland fylke, fleire statlege institusjonar og over 60 private institusjonar.

Vil du samarbeide med oss? Ta kontakt!

Praksissamarbeid med Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett

Praksis er ein viktig del av både profesjonsutdanningane og dei andre utdanningane ved fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett. Det gjeld lærarutdanningane, barnehagelærarutdannningane, praktisk-pedagogisk utdanning, og utdanningane innan teiknspråk og tolking, idrett, friluftsliv, folkehelse, musikk og drama.

Vi samarbeider med mange skular, barnehagar og kommuner i regionen. I tillegg har vi samarbeid med private og offentlege institusjonar knytt til helse, kultur og idrett.

Vårt mål er å utdanne dyktige profesjonsutøvarar som er godt rusta til å møte kvardagen i yrkeslivet. For å kunne utvikle praksisarbeidet vidare er det behov for fleire samarbeidspartnarar, særleg innan barnehage og skule.

Vil du samarbeide med oss? Ta kontakt!

Praksissamarbeid med Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap

Våre kandidatar skal stille sterkare på arbeidsmarknaden og skal vere klare til å møte framtida. Difor set vi fokus på arbeidslivsrelevans i utdanningane våre. Fakultetet har obligatorisk praksis i nokon av utdanningane og tilbyr valfrie praksisemne i andre utdanningar.

Praksis skjer i tett samarbeid med arbeidslivet regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Fakultetet har mellom anna eit Internship-samarbeid med University of Cape Town i Sør-Afrika og med Kansai University i Japan.

Vil du samarbeide med oss? Ta kontakt!

Praksissamarbeid med Fakultet for ingeniør- og naturvitskap

Vårt fakultet har obligatorisk praksis i bioingeniørutdanninga og tilbyr valfrie praksisemne i andre utdanningar. Laboratoriearbeid og praksis viser bruken av teknologien og utfyller den teoretiske delen av utdanninga. 

Praksis skjer i tett samarbeid med arbeidslivet regionalt, nasjonalt og internasjonalt.

Vil du samarbeide med oss? Ta kontakt!