Digital skuleeksamen

Høgskulen på Vestlandet gjennomfører digital vurdering i eksamenssystemet WISEflow.

Du kan sjå i Studentweb om eksamenen din er digital. 

Du kan når som helst logge på WISEflow for å sjå korleis det ser ut, og gjennomføre demo-eksamen så mange gonger du vil. Vi anbefaler dei to seinaste versjonane av nettlesarane Google Chrome, Mozilla Firefox eller Safari. 

Logg på WISEflow

 

Som student loggar du inn med HVL Feide.

Før du skal ha skuleeksamen lastar du ned ein nettlesar som låser datamaskina di til ein eigen nettlesar kalla FLOWlock. 

Viktig informasjon:

Digital eksamen der ein nyttar spesiell programvare eller hjelpemiddel

I nokre digitale emne der ein skal nytte andre verktøy og programvare enn det WISEflow kan tilby kan det hende eksamenssituasjonen krever at ein leverer ei fil som eksamensbesvarelse – tilsvarande ved innlevering av ein heimeeksamen. På skuleeksamen vil det som hovudregel vere krav om å skrive inn passord for å få starte eksamen, og dette får du i eksamenslokalet.

Tilrettelagt eksamen

Har du fått innvilga tilrettelagt eksamen med pc og skrivestøtteprogram? Slik fungerer det under digital eksamen.

Har du spørsmål?

Ta kontakt med eksamenskontoret, så svarer vi deg så fort vi kan. Du kan også sjekke om du finn svaret hjå Mime, den virtuelle assistenten som du finn nede til høgre på sida.

Fyll ut kontaktskjema