Sensur i WISEflow

HVL gjennomfører digital vurdering i eksamenssystemet WISEflow. All sensur blir registrert digitalt.

Du loggar inn på wiseflow.hvl.no med Feide-brukarnamn og passord. Har du ikkje HVL Feide-konto, kan du logge inn med BankID eller MinID. 

Logg inn i WISEflow

 

I WISEflow får du tilgang til plagieringsrapport av alle oppgåvene gjennomført av Ouriginal (tidl. URKUND). Rettleiing for Ouriginal finn du her (trykk på spørsmålsteiknet øvst til høgre) (på engelsk).

Sensur skal førast direkte i WISEflow og sendast inn derifrå for publisering. Når du sender inn sensuren blir dette registrert som din digitale signatur og protokollført. Det er difor viktig at kvar enkelt sensor registrerer og sender inn sine vurderingar.

Du kan bruke Wiseflow sitt sensorverktøy WISEflow Annotate for å lese oppgåvene digitalt. Her kan du legge inn kommentarar direkte i studenten sin tekst. Du kan sjølv velje om du ønskjer å gjere kommentarane synlege for studenten og eventuelle medsensorar, eller om dei berre er til eige bruk. Utfyllande rettleiingar for sensor i WISEflow.

Slik fører du sensur i WISEflow

 

Du kan laste ned besvarelsane og sensurere offline om du ynskjer det. Sjå rettleiing for offline vurdering her

Ordteljing i WISEflow

Angåande ordteljing i WISEflow

Øvst i sensurverktøyet vises ei ordteljing. Denne er berre ein indikasjon på omfang, og er ikkje eit eksakt tal som ein kan leggje til grunn ved vurdering. Ordteljinga i WISEflow viser som oftast eit høgare tal på ord enn det som er reelt. Ved alle typar heimeeksamen, oppgåver og liknande vert studenten bedt om å opplyse tal på ord i omslagsfeltet, og sensor bør forholda seg til det som står der. Dersom det er mistanke om at tal på ord opplyst er feil bør ein kontrollere dette ved å overføre teksten til Word. Tittelside, innhaldsliste, samandrag, referanseliste og eventuelle vedlegg kjem i tillegg og skal ikkje reknast med.

imageoogag.png

Slik gir du grunngjeving til studenten i WISEflow. 

Slik handsamar du klager på karakterfastsetting i WISEflow. 

Ved til dømes fleirvalseksamenar eller andre oppgåver som er laga i oppgåveverktøyet i WISEflow, kan du bruke FLOWmulti. Rettleiing for sensur i FLOWmulti er beskrive i fana "The marking tool layout".

Meir nyttig informasjon til sensorar ved HVL.

Slik fungerer det!

Ser du ikkje videoen? Du må tillate marknadsføringscookiar for å spele av videoen. Endre cookieinnstillingar her

Har du spørsmål?

Ta kontakt med eksamenskontoret, så svarer vi deg så fort vi kan. Du kan også sjekke om du finn svaret hjå Mime, den virtuelle assistenten som du finn nede til høgre på sida.

Fyll ut kontaktskjema