Handsame klage på karakter

Slik skal sensor handsame klager på karakterfastsetting

Studentane klagar på karakterfastsetting via Studentweb. Sensor mottar førespurnaden og handsamar den i WISEflow.

Logg på WISEflow
 
Når ein skal handsame klager i WISEflow fungerer det om lag som ved ordinær sensur, med eit par unntak.
  • Klagene finn du under boksen "Klager" oppe til høgre i oversikta di i WISEflow eller ved å følge lenkje i e-post.
  • Ved klagesensur er det ikkje tre veker sensurfrist slik som ved ordinær sensur. Klagen skal handsamast utan ugrunna opphald, jf. forvaltningslova 11-a. Sensurfristen er likevel satt til tre veker i WISEflow av tekniske årsaker. Dersom du har behov for lengre tid ta kontakt med eksamen@hvl.no
Du finn oversikta over klagsaker ved å trykke på ikonet for klager øvst til høgre i oversiktsbildet ditt.

Inne i klageoversikta finn du klagesakene dine.

  1. Nærmaste frist for innsending av karakter på klage
  2. Kor mange kandidatar som har klaga totalt og kor mange du er ferdig med å vurdere
  3. Sjå eksamenssvara i sensorverktøyet
  4. Send inn karakter her
  5. Oppgåvesettet
  6. Sensorrettleiing
  7. Her finn du evt. anna materiale, t.d emneplan og honorarskjema
  8. Finn ut kven som er medsensor
  9. Her finn du den enkelte kandidaten sin klagefrist
  10. Tilbake til klageoversikta

Når alle klagene dine er ferdighandsama vil fristen i klageflowen (1.) vise kor lenge klageflowen ligg open til å ta imot eventuelle nye klager. Sidan klagefristen for studenten blir justert i høve til når studenten har mottatt grunngjeving eller når eventuell klage på formelle feil er handsama kan det kome inn klager over tid.

Sjølve sensuren går føre seg på same vis som ved ordinær sensur