Gi grunngjeving

Slik skal sensor gi grunngjeving på karakterfastsetting til studenten

Studentane ber om grunngjeving for karakterfastsetting via Studentweb. Sensor mottar førespurnaden og svarar på den i WISEflow. Sensor kan sjølv bestemme om ein vil gi grunngjevinga skriftleg eller munnleg.

Logg på WISEflow

 

Ved munnleg og praktisk eksamen må studenten be om grunngjeving umiddelbart etter at resultatet er klart. Som hovudregel skal karakteren gjerast kjend og kravet om grunngjeving setjast fram på eksamensstaden på eksamensdagen. I tilfelle studenten får vite resultatet på munnleg og praktisk eksamen i Studentweb i etterkant, må studenten ta kontakt direkte med intern sensor for å få grunngjeving. 

Innhaldet i grunngjevinga

I grunngjevinga skal det «gjøres rede for de generelle prinsipper som er lagt til grunn for bedømmelsen og for bedømmelsen av kandidatens prestasjon» (heimla i universitets- og høyskoleloven § 5-3 (2)).

Dette betyr at studenten både skal få vite

  • kva for generelle prinsipp eksamenskommisjonen har basert bedømminga på og
  • kva det var i studenten sin spesifikke eksamen som gjorde at ho eller han fekk det bestemte resultatet. Det er til dømes ikkje tilstrekkeleg å berre vise til sensorrettleiinga eller læringsmåla uten å seie noko om studenten si oppgåve i høve til dei.

Korleis gi grunngjeving 

Sensor får eit varsel på e-post om at det har kome inn spørsmål om grunngjeving som ein må svare på. Normalt er eksamen satt opp slik at intern sensor mottar spørsmålet om grunngjeving. Dersom det berre er eksterne sensorar i emnet vil spørsmålet bli sendt til dei.

Ein finn ei oversikt over begrunnelsar i WISEflow, her:

Klikk på pila  for å svare på spørsmålet om grunngjeving:Dersom det er fleire interne sensorar per student, blir ikkje spørsmålet om grunngjeving tildelt til ein sensor, men alle sensorane får ein e-post om at det ligg eit ubesvart spørsmål om grunngjeving i WISEflow. Saka vil då være tilgjengeleg under Ikkje tildelt på same side. Sensorane må bli einige om kven som skal svare, og hente saka frå lista i WISEflow ved å trykke på haka til høgre.

Dersom du har fått tildelt begrunnelse som ein annan sensor skal svare på, må du fjerne tildelinga ved å klikke på "X". Då vil den bli tilgjengelig for plukking av din medsensor - også eventuelt ekstern sensor

Ved å klikke på pila  i oversikta, blir ein sendt direkte til den aktuelle studenten si oppgåve i sensorverktøyet. Også i emne der studenten ikkje har levert oppgåve i WISEflow, men til dømes skrive på papir, gir ein grunngjeving her.

Dialogboksen der ein skriv inn eller lastar opp grunngjevinga blir òg opna automatisk på høgre side. 

Der kan ein:

  1. Skrive grunngjevinga si direkte i dialogboksen
  2. Laste opp ei grunngjeving som ein har lagra på harddisken sin. Dette kan være eit tekstdokument, som PDF eller Word-fil, eller ei grunngjeving som er spelt inn som lydfil eller video

eller

3. Hake av for at grunngjevinga er gitt munnleg i tilfelle den blir gitt munnleg istaden for skriftleg. Ein må alltid sørge for å registrere at ein har gitt grunngjeving munnleg, då studenten sin klagefrist blir rekna frå tidspunktet når grunngjeving er mottatt. Hugs å endre datoen for når munnleg grunngjeving vart gitt, dersom den blir registrert på ein anna dag enn den vart gitt.

Trykk Send inn når grunngjevinga er skriven, lasta opp, eller det er haka av for at munnleg grunngjeving er gitt. Då er grunngjevinga ferdighandsama.

Ein må gjerne bla i studenten si oppgåve, lese igjennom merknader eller klippe og lime frå merknadane i sensorverktøyet. For å kome tilbake til dialogboksen (grunngjevingspanelet) frå studenten si oppgåve, må ein klikke på feltet oppe til høgre og opne grunngjevingspanelet:

Dersom ein skal svare på fleire grunngjevingar kan ein trykke Til grunngjevingsoversikta øvst til høgre i dialogboksen. Då kjem ein direkte tilbake til oversikta og kan handsame neste grunngjeving.

Grunngjevingar som er handsama blir flytta ut av oversikta, og til oversikta over Ferdige grunngjevingssaker.

Fristen for å gi grunngjeving er satt til 2 veker etter at førespurnaden er sendt inn, sidan universitets- og høgskolelova seier at grunngjeving normalt skal vere gitt innan 2 veker. Det er likevel teknisk mogeleg å gi grunngjeving også etter denne fristen.

Gruppeeksamen

Studentar på ein gruppeeksamen må be om og få grunngjeving individuelt.  Sensor vil alltid kunne sjå kva for grunngjeving som eventuelt er delt med andre gruppemedlemmer på eit tidligare tidspunkt, slik at ein kan kopiere den ved behov.

Lage klar ei grunngjeving på førehand

Sensor kan i WISEflow definere ein sluttkommentar til å gjelde som grunngjeving. Du kan dermed registrere grunngjeving på kandidaten før kandidaten har bedt om dette sjølv. Studenten vil få e-post om at grunngjeving er tilgjengelig i WISEflow når karakteren blir publisert.

For å definere sluttkommentar som grunngjeving trykker ein på kandidatnummeret, vel legg til kommentar, kommenterer og hakar av for Grunngjeving.