Publisering av oppgåver

Ønskjer du å gjere bachelor- eller masteroppgåva di tilgjengeleg for andre? Vi tilbyr publisering i HVL Open.

Å få publisert oppgåva di kan vere nyttig i jobbsøkjarsamanheng. I ein CV eller jobbsøknad kan du leggje ved lenke til oppgåva di. 

Du svarer ja eller nei til publisering når du leverer bachelor- eller masteroppgåva di. HVL publiserer bacheloroppgåver med karakter A og B, og alle masteroppgåver som er bestått. 

Framgangsmåte og avtalevilkår

For å få publisert oppgåva di i HVL Open, hukar du av for publisering når du leverer oppgåva i WISEflow.

Avtalevilkår for publisering 

Dersom du ønskjer å publisere oppgåva di på eit seinare tidspunkt, gjer du følgjande: 

  • Send ein epost til hvl-open@hvl.no.
  • Skriv at du ønskjer publisering, og gi beskjed om at du godtar avtale om publisering.
  • Hugs å legge ved oppgåva. Send gjerne med emneord og samandrag dersom dette ikkje er med i fila.

 Om skriving og innlevering av oppgåver