Rettleiar for bacheloroppgåva ved fakultet for helse- og sosialvitskap (FHS)

Rettleiaren gjeld for studentar som startar arbeidet med si bacheloroppgåve frå og med hausten 2020.

Bacheloroppgåva er eit sjølvstendig arbeid som studentane utfører under rettleiing i siste del av bachelorutdanninga. Bacheloroppgåva skal vere eit individuelt arbeid, eller eit samarbeidsprosjekt med inntil fire studentar, om ikkje anna er omtalt i emneplanen. Studenten har ansvar for å nå forventa læringsutbyte og for framdrift og utforming av oppgåva.

1. Mål med bacheloroppgåva

Bacheloroppgåva skal fokusere på eit spesifikt fagområde og ta utgangspunkt i ei fagleg relevant problemstilling knytt opp mot læringsutbytteskildringane for det aktuelle bacheloremnet. Studenten skal vise inngåande kjennskap til faget, formidla gjennom eit valt tema/problemstilling knytt til profesjonsutøvinga.

Gjennom arbeidet med bacheloroppgåva må studenten dokumentere evna til å belyse ei problemstilling ved hjelp av sjølvstendig drøfting av litteratur og empiri knytt til temaet for oppgåva. Studenten skal finne og kritisk vurdere kvaliteten av kunnskapen og vurdere korleis kunnskapen kan brukast for å belyse problemstillinga.

Helse- og sosialfaga representerer ein brei, kompleks og samansett kunnskap, som både omhandlar teknologi og prosedyrar, men også etikk, relasjon, kommunikasjon og kontekst. Når fokuset er på menneske i sjukdom, krise, eller sårbare situasjonar, krev det ei tilnærming basert på varsemd og respekt.

2. Rettleiing

Oppnemning av rettleiar
Fagseksjonsleiaren ved bachelorutdanninga tildeler rettleiar. Rettleiingsavtalen skal fyllast ut av student og rettleiar i samband med første rettleiingstime. 

Studenten får inntil fire timar rettleiing på oppgåva (gjeld både for individuell oppgåve og gruppeoppgåve). Rettleiinga kan vere individuell eller i gruppe/seminar. To av timane er obligatoriske (ein time til prosjektplan og ein time til sjølve oppgåva). Studentar som ikkje møter til dei obligatoriske rettleiingstimane får ikkje levere bacheloroppgåva.

Kven kan være rettleiar?
Rettleiaren skal som hovudregel vere tilsett ved instituttet. Rettleiaren har ansvaret for at prosjektet og rettleiinga er i tråd med HVL sitt regelverk. Rettleiaren skal ha minst lektorkompetanse.

3. Tema, problemstilling og prosjektbeskriving

Studenten skal velje eit tema og ei problemstilling som er relevant for fagområdet, og som er i tråd med emne- og læringsutbyttebeskrivinga for bacheloroppgåva. Temaet og problemstillinga blir utarbeida i samråd med rettleiaren.

Når det gjeld metodeval kan studentar gjerne delta i forskingsprosjekt ved HVL. Etter avtale med rettleiar kan studentar også gjere mindre, sjølvstendig empirisk forsking gjennom til dømes intervju eller spørjeskjemaundersøking, etter eit strengt fastsett reglement.

Prosjektbeskrivinga skal utgjere 1500 ord (eksklusiv referanseliste), vere tydeleg formulert og innehalde:

  • Tittelen på bacheloroppgåva
  • Bakgrunn som inneheld teoretisk perspektiv
  • Problemstilling
  • Metode
  • Framdriftsplan/tidsplan
  • Referanseliste

Prosjektbeskrivinga skal utarbeidast i tråd med rettleiaren og skal godkjennast av rettleiar før arbeidet med oppgåva tar til. Den enkelte fagseksjon set fristen for når prosjektbeskrivinga må vere godkjent.

4. Form

Bacheloroppgåva skal ha eit omfang på inntil 8 000 ord (gjeld både for individuell oppgåve og gruppeoppgåve). Tittelside, innhaldsliste, samandrag, referanseliste og eventuelle vedlegg kjem i tillegg.

Bacheloroppgåva skal utformast systematisk, for eksempel etter IMRAD-struktur, og innehalde føljande punkt:

  • HVL si forside med tittel på oppgåva, utdanning/fagseksjon, kandidatnummer, dato for innlevering og tal på ord. Sjå nettsida for heimeeksamen og oppgåveskriving for meir informasjon.
  • Eit samandrag på norsk/skandinavisk/engelsk jf. kap om språk
  • Innhaldsliste med kapittelinndeling og sidetalstilvising
  • Siteringar og referanselista følgjer referansestilen til American Psychological Association (APA), siste versjon, sjå Søk & skriv for rettleiing i bruk av stilen. APA-stilen er nemnd i pkt 4 Form og pkt 7 Oppsett
  • Som hovudregel bør ein unngå bruk av sekundærhenvisning. Dersom ein unntaksvis viser til ei kjelde ein ikkje sjølv har lest, skal dette komme klart fram i siteringa, sjå eksempel på sekundærhenvisning i Søk & skriv
  • Figurar og tabellar skal setjast opp og omtalast i den fortløpande teksten, nummererast og ha forklarande tittel. Oversikt over figurar og tabellar skal førast på ei liste som skal plasserast etter innhaldslista
  • Vedlegg skal nummererast og førast opp i innhaldsoversikta. Vedlegg som har fleire sider skal nummererast
  • Oppgåva må følgje kriteria for den valde oppgåvetype

Språk i bacheloroppgåva
Bacheloroppgåver skal normalt skrivast på norsk, med eit samandrag på engelsk, jf. språkpolitiske retningslinjer ved HVL. Andre skandinaviske språk eller engelsk kan nyttast etter avtale med rettleiar, med mindre noko anna er fastsett i emneplanen.

5. Forskingsetikk

I skrivinga av bacheloroppgåva skal studentane følge nasjonale og internasjonale forskingsetiske prinsipp. jf. De nasjonale forskingsetiske komitearHelsinkideklarasjonen, gjeldande lovverk og interne etiske retningslinjer ved HVL.

I prosjekt der menneske direkte inngår, må retten til integritet og vern mot innsyn i privatlivet ivaretakast.

Studentar har i utgangspunktet ikkje høve til å hente inn datamateriale frå pasientar/klientar og pårørande. Om studenten hentar data frå informantar som ikkje fell inn under desse gruppene skal konfidensialitet og teieplikt sikrast, slik at kjeldene ikkje kan gjenkjennast.

Unntak frå desse prinsippa kan gjelde dersom studentar deltek i etablerte forskingsprosjekt saman med forskar ved høgskulen, eller andre forskingsinstitusjonar. I slike tilfelle må rettleiaren sikre at forskingsetiske omsyn er teke hand om. Studenten og prosjektleiaren må signere på ei eiga kontrakt. I kontrakten kan det gå fram at prosjektleiaren eig dataene og at studenten difor ikkje kan publisere deler av bacheloroppgåva. 

Når det gjeld metodeval kan studentar gjerne delta i forskingsprosjekt ved HVL. Etter avtale med rettleiar kan studentar også gjere mindre, sjølvstending empirisk forsking gjennom til dømes intervju eller spørjeskjemaundersøking, etter eit strengt fastsett reglement.

6. Innhald

Oppgåva kan ha føljande struktur:

  • Bakgrunn - Gjere greie for bakgrunn, val av tematikk og relasjon til praksisfelt, teoretisk grunnlag, tidlegare forsking, samanheng på samfunnsnivå, lovverk
  • Formål, problemstilling og eventuell hypotese
  • Metode - Korleis har du gått fram for å få svar på problemstillinga di, inkl. grunngjeving for val av metode
  • Funn/resultat/erfaringar/analysar
  • Diskusjon
  • Oppsummering og implikasjonar for praksisutøving

7. Oppsett

Føljande oppsett bør nyttast i bacheloroppgåva:

  • Margar, 2,5 cm på topp-, botn-, venstre-, og høgremarg
  • Linjeavstand har 1,5 – ved sitat er det linjeavstand 1
  • Skrifttype: 12 punkt som Calibri eller Arial
  • Avsnitt skal markerast med to linjeskift slik at det blir ei tom linje før neste avsnitt. Neste avsnitt byrjar frå venstre marg
  • Sidetall blir oppgitt både ved direkte sitat og indirekte sitat, og i andre tilfelle der det blir vist til ein avgrensa del av ei større kjelde
  • Direkte sitat skal vere klart markert med hermeteikn eller innrykk

8. Innlevering

Oppgåva skal leverast i Wiseflow. Tittelen på oppgåva kjem på vitnemålet, og studenten må sjølv registrere tittelen på oppgåva i Studentweb.
Når oppgåva skal leverast må eksamenskandidaten svare ja eller nei på spørsmålet om publisering. HVL publiserer bacheloroppgåver med karakter A og B.

Frist for innlevering av bacheloroppgåva
Frist for innlevering av bacheloroppgåva er som hovudregel 15. mai for studentar som avsluttar i vårsemesteret og 1. desember for studentar som avsluttar bachelorutdanninga i haustsemesteret. Om datoen for innleveringa fell på ein laurdag, sundag eller annan offentleg fridag, er fristen fyrste påfølgjande arbeidsdag. Nokre studieprogram har andre fristar og dette kjem fram i Studentweb. Om bacheloroppgåva ikkje blir levert innan fristen, utan at dette er avtalt og godkjent av fagseksjonen på førehand, vil oppgåva bli registrert som «ikkje møtt», jf. forskrift om studium og eksamen ved HVL

9. Sensur og eksamen

Sensor
Viser til kap 13 Sensur og klage i forskrift om studium og eksamen
Rettleiaren på bacheloroppgåva kan ikkje vere sensor.

Vurdering av bacheloroppgåva
Bacheloroppgåva blir vudert ut frå det skriftlege arbeidet. Fastsetting av karakter skal være gjort av sensorane i fellesskap. Ved usemje mellom ekstern og intern sensor, avgjer ekstern sensor resultatet. Ved usemje på meir enn to karakterar, skal det oppnemnast ein tredje sensor jf. §13-7 i forskrifta.
Instituttet skal sørge for at sensurfristen på 3 veker blir haldt.

Ikkje bestått bacheloroppgåve
Ved karakteren F (ikkje bestått), kan ei ny eller omarbeida oppgåve med vesentlege endringar leverast til sensur éin gong. Unntak kan gjerast dersom studenten skriv ny oppgåve med ny problemstilling. Ved innlevering av bacheloroppgåve for andre gong, kan rettleiinga til studenten bli avgrensa. Sjå §11-19 i forskrift om studium og eksamen

10. Opphavsrett

Bacheloroppgåva er eigd av studenten sjølv og HVL. Rettleiarar eller andre kan difor ikkje påleggje studenten å gjere oppgåva tilgjengeleg i biblioteket, internett eller andre stader (i trykt eller elektronisk form) utan samtykke frå kandidaten og evt. oppdragsgjevar. Av same grunn kan heller ingen nekte kandidaten å gjere oppgåva tilgjengeleg. Denne retten er grunna ut i frå lova om opphavsrett av 12. mai 1961 nr.2 (åndverksloven).

Dersom oppgåva er gjort som eit oppdrag må oppgåva også bli gjort tilgjengeleg for oppdragsgjevar. Retningslinjer for publisering av oppgåva på HVL Open, finn ein på nettsida om publisering av oppgåver.

Oppbevaring - rettleiingsavtalen
Rettleiingsavtalen blir oppbevart hos rettleiar til klagefristen har gått ut.

11. Forbetre karakter ved bestått bacheloroppgave

Følgande retningslinjer gjeld dersom ein student vel å forbetre sin karakter på allereie bestått bacheloroppgåve: 

  • Studenten må skrive ei ny oppgåve med ny problemstilling.
  • Oppgåva må studenten levere på nytt innan eitt år etter opprinneleg innlevering, med mindre han eller ho kan dokumentere forhold som sjukdom eller andre tvingande velferdsgrunnar som har forhindra dette.
  • Rettleiingstimar blir normalt ikkje tildelt på nytt.
  • Skriftlegsøknad sender studenten til post@hvl.no. Søknaden må innehalde ei skildring av korleis studenten planlegg arbeidet med ny problemstilling:
       - stille og gi svar på nye problemstillingar, og/eller
       - trekke inn nytt empirisk materiale (kjelder/data), og/eller
       - gjere ein radikalt endra analyse og tolking av empirien
  • Fagseksjonsleiar vurderer søknaden.
  • Studenten kan ikkje levere ny oppgåve dersom søknaden ikkje blir innvilga.
  • Den nye bacheloroppgåva skal leverast saman med søknaden og den gamle oppgåva til sensorkommisjonen.
  • Sensorkommisjonen gir kun sensur på den nye oppgåva dersom dei vurderer ho som ny, eller som så omarbeidd at ho kan reknast som ei ny oppgåve. I motsett tilfelle vil ikkje sensur bli gitt.

Forskrift for studium og eksamen ved HVL opnar opp for moglegheita til å gjere unntak frå forskrifta Jmf : §11- 19. (3) Det er ikkje høve til å forbetre karakter på ei bestått bacheloroppgåve innanfor same studieprogram. Unntak kan gjerast dersom studenten skriv ny oppgåve med ny problemstilling.