Munnleg eksamen digitalt

Her kan studentar finne råd og innspel til gjennomføring av munnleg eksamen digitalt.

Faglærar har ansvar for å opprette eksamensrom i Zoom og å distribuere lenken til studentane i Canvas.

Første gong i Zoom

Vi tilrår å bruke headset eller bordmikrofon for å sikre god og stabil lydkvalitet og at du har eit laust webkamera. 

Rommet og ansiktet ditt må vere godt belyst. Omgjevnaden må vere rolege slik at eksamen ikkje blir forstyrra.

Vi tilrår at du sit på kabla nett om mogeleg. Sørg for at heimenettet ditt ikkje er belasta unødvendig under eksamen (strøymetenester o.l.). Dersom du har tilstrekkelig mobilnett er det lurt å sette opp moglegheit til oppkobling mot det frå datamaskina di som ei reserveløysing, i tilfelle internettet ditt er ustabilt. Vær merksam på at det kan medføre ekstrakostnadar, avhengig av mobilabonnement-pakken. 

Mobilnett Android

Mobilnett iPhone

Sjekk videokvaliteten på maskina di før eksamen. Sett opp eit møte i Zoom og sjekk om video fungerer greit. Installer Zoom appen på mobil på førehand som ei reserveløysing. Dersom du opplever dårleg videokvalitet, kan det vere at du ikkje har tilstrekkeleg opplastingshastigheit. Bruk gjerne Speedtest.net og sjekk opplastingshastigheita di. "Upload" bør ikkje vere under 1,5 Mbps.

Som ved alle eksamener skal du på førespurnad kunne identifisere deg med godkjent ID-kort med bilete. Ha dette tilgjengelig ved eksamensstart. 

Dersom det skulle oppstå tekniske problem under eksamen, vil faglærar kalle deg inn til ny eksamen på eit nytt tidspunkt, men hugs at det er ditt ansvar å sørgje for at du har det utstyret og dei programma du skal bruke i studiet ditt.