Smittevern under skuleeksamen

Informasjon om HVL sine tiltak for smittevern ved gjennomføring av skuleeksamen i samband med koronapandemien.

Her er informasjon til deg som skal gjennomføre skuleeksamen på campus under koronapandemienMed å følgja dei offentlege smittevernråda kan eksamen på HVL gjennomførast på ein trygg måte.  

Tiltak for smittevern 

  • Eksamen startar kl. 10 slik at studentar kan unngå å reise i rushtrafikken. Hugs å møte opp i god tid før eksamen startar. 
  • Det er få eksamenar per dag.
  • Så langt det lar seg gjere vil det bli plassert færre studentar enn vanleg i kvart eksamenslokale. Det vil maksimalt være 50 studentar i lokalet, oftast færre. Det vil uansett vere meir enn 1 meter avstand mellom studentane.
  • Er du sjuk eller har symptom på luftvegsinfeksjon, skal du ikkje møte til eksamen. Meld i så fall i frå ved å sende inn søknadsskjema om fråvær frå eksamen
  • Det er viktig å halde minst 1 meter avstand til andre personar, både medstudentar, faglærarar og eksamensvakter. Ver særleg merksam på dette på veg inn og ut av eksamenslokalet.
  • Du vil finne handsprit ved inngangen til eksamenslokalet. Alle som kan nytte handsprit skal nytte dette før og etter eksamen. Eigne vakter vil hjelpe til slik at alle hugsar på avstand og handsprit.
  • Det vil være ekstra reinhald under eksamen og mellom kvar eksamen og for låneutstyr. 

I eksamenslokalet og under eksamen er det viktig at du hugsar på dette:  

  • I staden for at du sjølv signerer for oppmøte vil ein eksamensvakt registrere deg når du viser ID. 
  • Sekkar, vesker og yttertøy skal plasserast på golvet framfor pulten dersom det ikkje er gitt melding om noko anna. 
  • Du skal alltid opphalde deg ved pulten din, med mindre du treng å nytte toalettet eller ønsker å bli fulgt til pause. 
  • Du må følgje god hand- og hostehygiene. Ingen som er sjuke skal vere i eksamenslokalet, men host og nys vil det også vere hjå friske personar. Nytt armkroken om du ikkje har noko anna å beskytte deg med. 
  • Når du er klar til å levere eksamensoppgåva di tilkallar du ein eksamensvakt. Eksamensvakta hjelper deg med digital innlevering eller sjekker gjennom papira dine. Eksamensvakta tek papira med til hovudvakta som registrerer innlevert eksamenssvar. 
  • Dersom du blir sjuk eller får symptom på sjukdom under eksamen, må du straks melde frå til ein eksamensvakt og avbryte eksamen. Reis heim ved å halde ekstra god avstand til andre og unngå om mogleg kollektivtrafikk. 

Studentar i risikogruppe 

Dersom du er i risikogruppe kan du søkje om å få eksamen tilrettelagt ved til dømes å sitte i eige rom på campus, eller å ta eksamen med anna vurderingsform. Du må sende inn søknad saman med dokumentasjon på at du er i ei risikogruppe eller av andre smittevernfaglege årsaker ikkje bør gjennomføre eksamen i eit lokale saman med andre. Send søknad så snart som råd. Søknadsskjema for tilrettelegging.

Studentar i karantene 

Dersom du er i karantene skal du ikkje gjennomføre eksamen på campus. Sjå elles informasjon over for dei som er sjuke eller har sjukdomssymptom 

Du finn meir informasjon og retningslinjer om generelle smittevernsreglar på HVL sine sider om smittevern