Tilrettelegging ved eksamen

Har du spesielle behov ved eksamen, kan du søke om tilrettelegging. Fristen for å søke er 1. september for haustsemesteret og 1. februar for vårsemesteret.

Det blir som hovudregel ikkje gjort unntak frå søknadsfristen med mindre behovet for tilrettelegging har oppstått etter fristen eller særlege grunnar tilseier det.

Kva tilrettelegging kan du få?

Studentar med kroniske tilstandar kan få innvilga permanent tilrettelegging. Du vil få informasjon i svarbrevet dersom dette gjeld for deg. Då treng du ikkje å søke om tilrettelegging eller sende inn ny dokumentasjon så lenge du studerer ved HVL eller for den perioden som er skriven i svarbrevet.

Eksempel på tilrettelegging kan vere:

  • Utvida eksamenstid ved skriftleg skuleeksamen og korte heimeeksamen. Ein får normalt 10 minutt per time, maksimalt ein time totalt, på skriftleg skuleeksamen og heimeeksamenar som er 8 timar eller kortare.
  • Utvida tid ved lengre heimeeksamenar, semesteroppgåver og andre store oppgåver. Dette blir berre innvilga i særlege tilfelle, der sjukdom eller andre tungtvegande tilhøve gjer at studenten ikkje kan arbeide i lengre tidsrom under eksamen. Lengda på utvidinga blir vurdert i høve til ordinær eksamenslengde.
  • Eige eller mindre eksamenslokale
  • Bruk av datamaskin og andre tekniske hjelpemiddel
  • Skrivehjelp, tegnspråktolk og anna praktisk hjelp
  • Overføring av oppgåve til punktskrift eller forstørra skrift
  • Høgtlesing av oppgåveteksten
  • Fritak for sidemål, (jf. rammeplan barnehagelærar- og grunnskulelærarutdanning). Fritak blir ført på vitnemålet ditt.
  • Studentar som ammar kan søke om tid til å amme i samband med skriftleg skuleeksamen og heimeeksamenar som er 8 timar eller kortare.
  • Studentar med eit anna morsmål enn norsk kan få bruke tospråkleg ordbok utan ordforklaring, med mindre faglege omsyn talar i mot dette. Ordboka blir kontrollert.

Utgreiing av lese- og skrivevanskar

Dersom du lurer på om du har lese- eller skrivevanskar kan du sjå gjennom denne sjekklista om lese- og skrivevanskar eller gjennomføre ein enkel nettbasert test.

HVL har avtalar om utgreiing av lese- og skrivevanskar for våre studentar som ikkje har godkjent dokumentasjon frå tidlegare. Utgreiinga er gratis for deg. Du vil få meir informasjon om kva du må gjere når du sender inn søknadsskjema om tilrettelegging ved eksamen.

Tilrettelegging ved digital eksamen

Ved tilrettelagt eksamen med PC og skrivestøtteprogram, får du tilgang til stavekontroll i WISEflow som fungerer på liknande vis som retteprogrammet i Word. Det vil ikkje vere mogleg å bruke hjelpemiddel som Textpilot under digital skuleeksamen i WISEflow.

Dersom du har behov for å bruke Textpilot på eksamen, vil du få ein eigen tilrettelagt PC eller sitte på PC-lab. Du vil sjå i Studentweb kva rom du skal sitte på.

Slik søker du om tilrettelegging

Søknad med dokumentasjon skal sendast innan 1. september for haustsemesteret eller innan 1. februar for vårsemesteret. Dokumentasjon som forklarar behovet for tilrettelegging, skal leggast ved søknaden. Dersom behovet for tilrettelegging har oppstått etter fristen skal det kome tydeleg fram av dokumentasjonen.

Dersom du har behov for tilrettelegging utover dei rammene som er nemnd  i forskrifta må du dokumentere dette i søknaden.

Svaret blir sendt til din digitale postkasse eller i vanleg post. 

Vilkår for søknad (Nynorsk):

  • Tilrettelegging ved eksamen skjer i samsvar med Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet, kapittel 7 (opnar seg i nytt vindu|ny fane).
  • Krav til dokumentasjon som du må lasta opp frå dette skjemaet (søknader utan dokumentasjon blir ikkje handsama!):
    • Du må dokumentera behov for tilrettelegging med legeattest eller attest frå anna sakkunnig (til dømes psykolog, logoped). Dokumentasjonen må forklare kvifor det er behov for særordning og kva særordning det er behov for.
    • Dersom behovet for tilrettelegging har oppstått etter fristen skal det koma tydeleg fram i dokumentasjonen.
    • Dersom det gjeld ein kronisk tilstand, og dokumentasjonen er eldre enn tre år, vil høgskulen vurdera i kva grad dokumentasjonen er tilstrekkeleg.
    • Dokumentasjon på annan tilstand skal væra av ny dato.

Vilkår for søknad (Bokmål):

  • Tilrettelegging ved eksamen skjer i samsvar med Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet, kapittel 7 (Åpnes i nytt vindu eller fane).
  • Krav til dokumentasjon som du må laste opp fra dette skjema (søknader uten dokumentasjon blir ikke behandlet!):
    • Behovet for tilrettelegging må dokumenteres med legeattest eller attest fra andre sakkyndige (f.eks. psykolog, logoped). Dokumentasjonen må forklare hvorfor det er behov for særordning og hvilken særordning det er behov for.
    • Dersom behovet for tilrettelegging har oppstått etter fristen skal det komme tydelig fram i dokumentasjonen.
    • Høgskolen vurderer om dokumentasjonen på kronisk tilstand eldre enn 3 år er tilstrekkelig for å vurdere søknaden.
    • Dokumentasjon på annen tilstand skal være av ny dato.

Handsaming av personopplysningar som er henta inn for administrative formål ved HVL, skjer i samsvar med føresegnene i personvernforordninga .

Klokke som går og går

Vent litt, venter på eit javascript...

Meir informasjon om tilrettelegging av eksamen finn du i forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet, kapittel 7.

Har du spørsmål?

Ta kontakt med eksamenskontoret, så svarer vi deg så fort vi kan. Du kan også sjekke om du finn svaret hjå Mime, den virtuelle assistenten som du finn nede til høgre på sida.

Fyll ut kontaktskjema