Godskriving og fritak

Har du utdanning frå før som du vil ha som ein del av graden din ved HVL? Då kan du søke om godskriving. Før du kan søke om godkjenning må du ha fått opptak til eit studium hos oss.

Godskriving av emne

Det vil ikkje bli godkjent emne frå ein annan institusjon dersom det berre dekkjer delar av emnet ved HVL. Emnet må vere på same nivå, jf. forskrift om studium og eksamen § 2-4 (5). Dersom emnet har vore del av opptaksgrunnlaget til studiet, kan det ikkje bli godskrive i graden, jf. Universitets- og høgskulelova § 3-5 (1).

For å få vitnemål må minimum 60 studiepoeng vere avlagt ved HVL.

Søknadsfrist

Søknad om godskriving av emne kan først bli vurdert etter at du har fått studieplass og er begynt på studiet, og helst i god tid før semesteret emnet skal inngå i tar til. Du må sjølv sørge for å delta, fullføre arbeidskrav og eventuelt avvikle eksamen i aktuelt emne til søknaden er behandla. Sjå frist for behandling av søknad under.

Krav til dokumentasjon

For å få søknaden din vurdert må du legge ved følgjande dokumentasjon:

  • Emneplan og litteraturliste til emne du ønskjer å få godkjent. Merk at den må vere frå det året eksamen var avlagt, ikkje siste godkjende emneplan i emnet.
  • HVL kan i dei fleste tilfelle hente resultata dine frå andre lærestadar i Norge, og du må gi samtykke til dette på HVL sin Studentweb. Dersom det ikkje er mogleg å hente resultat, vil vi kontakte deg.
  • Du er sjølv ansvarleg for å legge fram tilstrekkeleg dokumentasjon for at søknaden skal bli vurdert. HVL kan krevje at du viser fram originaldokumenta.
  • For søknad til grunnskulelærarautdanning og barnehagelærarutdanning må praksis ha eigen stadfesting dersom dette ikkje kjem fram som eksamen med informasjon om omfang på praksis.

Frist for behandling av søknad

Vurdering av søknader vil normalt vere ein månad. Dersom det blir nødvendig med fagleg vurdering av søknaden, kan det ta lenger tid. Svar på søknad blir sendt på e-post. Søknad sender du ved å fylle ut skjema.

Godskriving kan påverke studiestøtta frå Lånekassen

Dersom du søker om godskriving av emne, må du vere merksam på at dette kan påverke studiestøtta du får frå Lånekassa. Lånekassa reknar studiestøtta di ut frå kor mange studiepoeng du tar, og godskriving av emne kan føre til at studiestøtta vert redusert. Sjå Laanekassen.no for meir informasjon.

Førehandsgodkjenning av emne

Dersom du vil ta emne ved andre høgskular eller universitet og bruke dei som del av utdanninga di ved HVL, må du søke om førehandsgodkjenning av emnet.

Grunnlag for vurdering av faglege krav

Fakultet for ingeniør- og naturvitskap

For søknadar om godskriving av emne i ingeniørutdanninga med fag frå teknisk fagskule, gjeld følgjande paragraf i forskrift om rammeplan for ingeniørutdanning:

  • § 5 «Det kan gis fritak for maksimalt 60 studiepoeng for 2-årig relevant fagskoleutdanning i tekniske fag. Det forutsettes at fagskoleutdanningen tilfredsstiller kravene for opptak til ingeniørutdanning.»

Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap

Nautikk: Det kan gis inntil 60 studiepoeng fritak for søknadar om godskriving av emne i nautikkutdanninga med fag frå maritim teknisk fagskule. Fritaka vil vere basert på enkeltvedtak.

Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett

For søknadar om godskriving av emne i grunnskulelærarutdanning og barnehagelærarutdanning gjeld krav i forskrift til rammeplan.

Forskrift til rammeplan for grunnskulelærarutdanning 4-årig

  • § 3 «Et undervisningsfag i 4. studieår kan erstattes av ett skolerelevant fag på 30 studiepoeng. Ved overgang til masterutdanning etter 3. studieår vil det første året i masterutdanningen erstatte fag i det 4. studieåret i grunnskolelærerutdanningen.»
  • § 5 «Eksamen eller prøve som ikke er avlagt som en del av en grunnskolelærerutdanning, kan gi grunnlag for fritak, jf. § 3–5 i lov om universiteter og høyskoler. Utdanning som kan gi grunnlag for fritak, må enten være fag som tilsvarer skolefag eller fag som har relevans for arbeid som lærer i grunnskolen, jf. § 1, og bør omfatte fagdidaktikk og praksisopplæring.»

Forskrift til rammeplan for grunnskulelærerutdanning 5-årig

  • § 6 «Eksamen eller prøve som ikke er avlagt som en del av grunnskolelærerutdanningen kan gi grunnlag for fritak, jf. § 3-5 i lov om universiteter og høyskoler. Utdanning som kan gi grunnlag for fritak, må bestå av relevante fag som tilsvarer de fag som tilbys i grunnskolelærerutdanningen og skal omfatte fagdidaktikk og praksisstudier.»

Forskrift til rammeplan for barnehagelærerutdanning

  • § 5 «Eksamen eller prøve som ikke er avlagt som en del av en barnehagelærerutdanning, kan gi grunnlag for fritak, jf. § 3-5 i lov om universiteter og høyskoler. Utdanning som kan gi grunnlag for fritak, må inneholde pedagogikk og praksisopplæring, og må være fag/studier som har relevans for arbeidet som barnehagelærer, jf. § 1.»

Regelverk